Elevstevne

Bømlo Folkehøgskule startar våren 2019 med Elevstemne for tidlegare elevar. Dette kjem i tillegg til Eittårstreff (Reunion) i februar kvart år.

Vi inviterer gamle elevar ved skulen velkommen fredag 7. til 9. juni 2019. Alle tidlegare tilsette er også velkommen!

Ta kontakt med andre du gjekk saman med og gjer avtale om og møtast på Bømlo.

Desse kulla har jubileum i 2019 og er spesielt inviterte til Elevstemnet. Andre årskull kan også kome, dersom dei blir meir enn 10 personar frå kvart kull.

2013/2014:         5-års jubilantar
2008/2009:     10-års jubilantar
2003/2004:     15-års jubilantar
1998/1999:       20-års jubilantar
1993/1994:       25-års jubilantar
1988/1989:       30-års jubilantar
1983/1984:       35-års jubilantar

Program Elevstemne 2019

Vi har laga eit framlegg til program, men vi er open for endringar.

Fredag:
19.00-21.00    Kveldsmat

Laurdag:
08.30              Morgonsamling
09.00              Frukost
10.00               Program i regi av skulen; omvising, informasjon m.v.
13.00               Graut
15.00               Kaffi og kaker
17.00               Samlingar for dei ulike kulla; fotografering m.v.
19.00               Festmiddag med program
21.00               Samlingar for dei ulike kulla

Søndag:
08.30-11.00    Frukost

Prisar  for  Elevstevne:
Hele stemnet:                                      kr 1.000
Laurdag til søndag:                             kr    800
Bur heime, men et på skulen:         kr    500
Festmiddag og kaffi:                          kr    450

Når du melder deg på må du opplyse om du er med heile helga eller berre delar av helga. Dei som melder seg på heile helga er prioritert til overnatting på skulen (fleirsengsrom).

Påmeldingsfrist til Elevstemnet er 1. mai; send e-post til post@bomlo.fhs.no

Vi kjem til å leggje ut informasjon om Elevstemne på Facebook, for å prøve å nå flest mogeleg.

Det er ikkje høve til å nyte alkohol på Elevstemnet.

Velkommen tilbake til Bømlo Folkehøgskule!