Eva Lilleås Engevik

Mitt mål er at alle skal finne sin plass og få eit utviklande, lærerikt og minnerikt år her på Bømlo.

Heisann!

Eg kjem frå Stord, er gift, har to voksne barn og ein hund som heiter Theo.

Eg har jobba her på skulen sidan 2009, og trivst veldig godt! Dei to siste åra har eg vore lærar på linja Miljø og bærekraft. Det å vera miljøbevisst, er eit fint møtepunkt for samarbeid mellom menneske med ulik bakgrunn og frå ulike miljø. Det syns eg er spennande! Det beste med jobben min er alle dei flotte ungdommane eg får bli kjent med, og lære saman med.

Eg er utdanna yrkesfaglærer i restaurant og matfag, og her på skulen har eg blant anna hatt ei Matlinje og vore engasjert i prosjekt som aksjonsforskning og bærekraft. Av interesser kan eg nevne friluftsliv, mat, reising og kultur.

Eg set stor pris på gode naturopplevingar, elskar når hausten kjem og skogen bugner av sopp. Synest og det er givande å kunne benytte seg av, og bruke dei ressursane og mulighetene som fins rundt oss. Eg blir glad av å skape!

Mitt mål er at alle skal finne sin plass og få eit utviklande, lærerikt og minnerikt år her på Bømlo.

Helsing Eva

Innblikk