
For ei veke sidan var dei framande: – Det er som ein evig sleepover
Live Meland (18) og Nora Hansen (19) hadde aldri møtt kvarandre før dei flytta inn på same rom på Bømlo Folkehøgskule. Nokre dagar seinare har venegjengen vakse, og ein heilt ny kvardag har begynt å ta form.
På utsida av døra står namna Live og Nora, pynta med sommarfuglar og blomar.
Innanfor står ei seng i kvar ende av rommet, med ein sofa mellom. Det er vanskeleg å gjetta at dei to knapt kjende kvarandre for ei veke sidan.
Praten går lett. Dei utfyller kvarandre og ler.
– Eg føler me matchar ganske godt, seier Nora.
– Ja, eg føler det eg òg, seier Live.
Visste ikkje at Bømlo fanst
Nora kjem frå Tomter i Indre Østfold og visste etter vidaregåande at ho ville på folkehøgskule. Ho ville reisa, oppleva noko nytt og få nye vener.
Jakta på den rette skulen tok ho ganske systematisk.
– Eg gjekk gjennom fleire skular og laga eit skjema. Denne har dette, denne har dette, fortel ho.
Reisemåla vog tungt, men også sjøen, båthuset og brygga ved skulen gjorde at Bømlo kom godt ut av samanlikninga.
Live, som kjem frå Flekkefjord, leita også etter ein skule der reising stod sentralt. Både området, valfaga og reisemoglegheitene drog henne mot Bømlo.
Sjølve øya visste dei derimot lite om.
– Eg hadde aldri høyrt om Bømlo før eg begynte å søka. Eg visste ikkje at det fanst ein gong, seier Nora.
– Ingenting. Eg hadde aldri høyrt om Bømlo før, legg Live til.
Første gong heimanfrå
Valet av Bømlo betydde også at begge skulle flytta heimanfrå.
Nora er einebarn og fortel at foreldra kjende litt på at ho skulle flytta så langt vekk. Mora hennar, som er svensk, måtte først setja seg inn i kva folkehøgskule eigentleg var.
– Men etter kvart vart ho berre meir og meir gira. Til slutt var ho sånn: «Du kjem til å kosa deg så mykje.»
Så var det berre å pakka.

Fekk ein god start
Live kom til Bømlo saman med mamma og pappa sundagen før. Etter å ha pakka ut på det nye rommet gjekk ho ned for å eta middag.
Der sette ho seg ved eit bord med folk ho aldri hadde møtt før.
– Det var berre superope med ein gong. Eg følte meg veldig velkommen.
Sidan har dei rukke å sjå meir av staden dei skal bu det neste året.
Ein båttur vart noko av det som gjorde mest inntrykk på Nora.
– Det kan berre ikkje samanliknast med bilete eller filmar. Det er så vakkert her.
Også bømlingane har gjort inntrykk.
– Dei på butikken er så søte, seier Nora.
Live har særleg merka seg dialekten.
– Ja, det er ein veldig, veldig skjønn dialekt de har her.
Ein evig sleepover
Live og Nora bur i internathuset Espevær, eitt av internathusa som har fått namn etter stader på Bømlo. I fellesarealet utanfor rommet er det kjøkken og stove, og som regel er det ikkje langt til selskap.
– Eg håpa å få masse nye vener og eit fellesskap då eg kom hit, og eg føler eigentleg allereie at eg har fått det, seier Nora.
Det har vore nok å fylla dagane med. Live innrømmer at ho ikkje har vore spesielt flink til å halda kontakten med dei heime.
– Eg har vore litt dårleg på det. Det har vore så sjukt mykje som har skjedd.
Ho tek det som eit godt teikn.
Samtidig er det mogleg å trekkja seg tilbake når det sosiale livet blir nok.
– Dersom ein føler for å pusta litt, er det berre å komma inn på rommet. Men til no har eg ikkje kjent på at det er for mykje. Eg synest berre det er veldig koseleg, seier Nora.
Ho har allereie funne ei skildring av korleis det kjennest å bu slik:
Ein evig sleepover.
Live ler.
– Det er verkeleg sånn det kjennest.
Kom til Bømlo for å sjå verda
Nora går Tropisk backpacking, medan Live går Fokus Afrika.
Medan mange av venene til Live skulle begynna å studera, ville ho bruka året på noko anna.
– Eg hadde veldig lyst til å reisa. Og då følte eg folkehøgskule passa perfekt, for då har du ikkje berre ein ven med deg på tur, men du får eit heilt nettverk med deg.
At skulen også skal på skuletur til Nepal, var ein ekstra bonus.
– Då får eg moglegheita til å dra både til Afrika og Asia. Det hadde eg aldri fått gjort på eiga hand.
Men det er ikkje berre dei store reisene som står på planen.
Nora har allereie meldt seg på fridykking. Ho skal også få dreisen på ein meir grunnleggjande del av livet heimanfrå.
– Eg skal læra meg nye ting, som å vaska klede og alt. Bli sjølvstendig på den måten, seier ho og ler.
Live har sitt eige kvardagsmål.
– Eg har i alle fall tenkt å satsa på å få tatt lappen her, som eg ikkje har fått gjort heime.
Det er mange månader til dei skal pakka saman rommet igjen.
Denne dagen har Live og Nora framleis ikkje kjent kvarandre i ei heil veke. Det er det lite ved dei som røper.
Bak døra med namna, blomane og sommarfuglane har året på Bømlo – og den evige sleepoveren – så vidt begynt.

Bømlo-nytt, 02.09.2026. Foto og tekst: Kjerstin Mæland.
