• Back 2 Basics: Europa

    Lei av bruk- og kast-mentaliteten? Vil du leva godt, men på ein berekraftig måte? På Back 2 basics jobbar me med å minska klimaavtrykket vårt og brukar det som ei kreativ ramme for innhaldet på linja. Me viser at å leva miljøvennleg ikkje går ut over livskvaliteten, kanskje heller motsett. Me bles liv i tanken om å gjera det meste og beste ut av det me har tilgjengeleg, frå uventa gullgruver på loft og i kjeller, til råvarene frå naturen rundt oss. Studietur: Ca. 3 veker interrail i Europa.

    Les meir om Back 2 Basics: Europa

  • Fokus: Latin-Amerika

    Gled deg til ei kontrastfylt og følelseslada reise til Ecuador og Colombia . Me drar på oppdagingsferd i djupet av Amazonas-regnskogen, og me opplever livet i Andesfjella. Du vil bli inspirert av menneske som brenn for ei meir rettferdig verd. Du kjem til å føla at akkurat du har bidratt til å gjera kvardagen litt betre for somme, og kvar dag møter du nokon som forbetrar din.

    Les meir om Fokus: Latin-Amerika

  • Fokus: Afrika

    Fokus: Afrika skal på ein 4-5 vekers tur til Kenya, Uganda og Tanzania (Zanzibar), og besøker der spennande prosjekt og organisasjonar. Me skal spela fotball med barn på rød afrikajord. Me skal bu nokre netter i jordhytter på landsbygda, og føla på verkelegheita til mange afrikanarar. Me reiser til Nilens kjelde og raftar, hoppar bungee, me besøker den altfor verkelege slummen, og me drar på safari og opplever Afrikas frodige dyreliv.

    Les meir om Fokus: Afrika

  • Friluftsliv: Sør Afrika

    I november reiser vi 3 uker til Sør-Afrika! I løpet av turen skal vi oppleve Afrika på den aktive måten. Vi bestemmer i fellesskap innholdet på turen – der vi har mye å velge i: Rafting, strikkhopp, safari med fantastisk dyreliv, klatring, surfing, kajakkpadling, rappellering, dykking med hai, juvvandring, fjellturer og masse mer!

    Les meir om Friluftsliv: Sør Afrika

  • Down under: Australia

    Me lærer om urbefolkningar, med hovudfokus på aboriginane i Australia Me trør i aboriginane sine fotspor, og kjenner fridomen og villmarka på kroppen. Me får opp adrenalinet med overnatting i bushen under open himmel, surfing og anna moro. 3 vekers studietur til blant anna Adelaide, Alice Springs og Sydney.

    Les meir om Down under: Australia

  • Fellestur til Nepal

    I tillegg til studieturen på kvar enkelt linje, reiser heile skulen på fellestur til Nepal. I ti dagar skal me saman oppleva og utforska det flotte landet. Dette blir ei uforgløymeleg reise med eit tettpakka og spennande program.

    Les meir om Fellestur til Nepal