Vill Vest på Bømlo

På linja «Friluftsliv: Vill Vest» nyttar dei naturen som klasserom heile året. Og kanskje er dette ei sunn motvekt til krava som unge møter i dag? Lærar, Øyvind Rolfsnes-Flock, meiner det er viktig å inspirera elevane til friluftsliv som livsstil. Me tok ein triveleg prat med han.

TEKST: Lena Herland Eide
FOTO: Øyvind Rolfsnes-Flock

PS: Denne artikkelen stod opprinneleg på trykk i Bømlo Nytt si Sommaravis som du kan lese her. Attgjeven med løyve.

Lærar, Øyvind Rolfsnes-Flock, på Kajakk tur med elevane på «Friluftsliv Vill Vest». Ein flott tur frå Sæverudsøy via Katla til Plassaholmen.

Øyvind har alltid vore glad i naturen

– Ein er jo litt usikker i ungdomstida kva retning ein skal velje, men eg fann ganske tidleg ut at eg ville satse på noko innan fjell og natur, og det å jobbe med mennesker.

Utdanningsvalet fall på lærarutdanning og 2 år med spesialisering innan friluftsliv.

Øyvind har hatt sesongjobb som breførar, guiding og klatring. Han har tidlegare jobba med ungdom og i Turistforeininga i Stavanger. I studietida møtte han ei Bømlajente, dei har to born på 9 og 11 år. Etter å ha budd nokre år på litt ulike stader, busette dei seg på Bømlo.

– Eg har alltid hatt lyst til å jobba på folkehøgskule, sjansen baud seg då det dukka opp ei ledig stilling her for 12 år sidan.

– Utslåttøy er utan tvil ei av dei vakraste perlene på Bømlo, det er fantastisk å padle ut der. Å kombinere det med klatring og det å sitje og nyte havet.Øyvind Rolfsnes Flock

Samansveisa og trygge

– Det er givande å jobba med ungdom, målet mitt som lærar på «Friluftsliv: Vill Vest» er at elevane skal meistre og lære nye ting, og å ha gode naturopplevingar som dei tek med seg vidare i livet. At dei kjenner på entusiasme og glede i det dei driv med er viktig. Min jobb er å legge til rette for gode læringsopplevingar.

– Ein ynskjer alltid at dei skal fortsetje med det dei har lært, at dei enten tek det med seg i utdanninga, eller får glede av det på fritida. Det vert enklare å drive med til dømes padling, klatring og det å overnatte i naturen om ein har lært det grunnleggjande.

– Elevane kjem oftast rett frå vidaregåande, og mange er usikre og ukjende for einannan. Det er fint å sjå kor samansveisa og trygge dei vert. Etterkvart vågar dei meir, utfordrar seg sjølve, kjenner på meistring og vert stolte. Dei får meir sjølvtillit, noko som spelar ei stor rolle for vidare utdanning og elles i livet, seier Øyvind.

Padling og klatring

Det er nok ikkje tilfeldig at linja «Friluftsliv: Vill Vest» er på Bømlo. Her har ein nærleik til kyst og hav. Det er eit eldorado for padling blant tusenvis av øyer. På vestsida er landskapet vilt og vakkert, og på austsida mer skjerma. Det er fantastiske høve for padling og klatring.

– Mange av elevane kjem frå stader langt inn i landet, og det er difor fint å ta dei med seg til havet – berre å vere der i all slags vêr og vind, fortel Øyvind.

– Utslåttøy er utan tvil ei av dei vakraste perlene på Bømlo, det er fantastisk å padla ut der. Å kombinere det med klatring og det å sitje og nyte havet, spesielt ved solnedgang — er utruleg flott. Det må du få med deg, er eit tips frå den entusiastiske læraren.

Kajakktur til Utslottøy.

Turtips

Det er ferietid, og mange turistar er innom Bømlo, anten dei har hytte der, eller er heime og besøkjer familie.

– Kva anbefaler du at dei tek med seg av spanande naturopplevingar i sommar spør me?

– Eit kajakkurs med Sunnhordland padleklubb, med eit mål om ein padletur til Utslåttøy vil eg rå interesserte til. Det er kurs heile sommaren og ein kan delta på kurs som går over to dagar. Kursa har base på Sæverudøy.

– Ein tur til Dyrnes Fyr er ògså ei veldig fin oppleving. Du kjører til Løvegapet i nærleiken av Langevåg og går langs Roaldsfjorden og Sætre. Ein kjempefin tur langs flotte viker, der finn du blant anna spor etter steinaldertida.

Øyvind har drive med strandrydding i dette området I mange år.

– Me har årleg strandrydding med alle elevane på «Friluftsliv: Vill Vest». Det er viktig, og me tykkjer det er fint å bidra til miljøet på denne måten, fortel han.

– Brandasundsåta er ein av dei finaste utkikkspostene på Bømlo. Ein køyretur over bruene ut dit kan anbefalast. Det er mange flotte rasteplasser og svært tilrettelagt for ein familietur. Ferske kanelboller er å få kjøpt på Skjæret i Brandasund. Elles vil eg oppfordre til å bruke Turlaget sine sider, som har både gode turtips og merka løypene godt, seier læraren. (www.ut.no)

Kickstart på «Friluftsliv:Vill Vest»

«Friluftsliv: Vill Vest» byr på spanande utfordringar og legg vekt på kjensla av meistring gjennom eit variert program utandørs.

Linja kickstarter året med mellom anna rafting på Voss, strikkhopp og tur til Via Ferrata i Åkrafjorden, samt ein fottur til Trolltunga eller Folgefonna. Lokalt på Bømlo gjer dei seg i kast med havkajakkpadling, fjellklatring og rapellering. Ein har høve til fridykkarkurs og topptur til tindane i Rosendalsalpene.

På turen til Sør Afrika går reisa nærare bestemt til Garden Route, som er strekninga mellom Cape Town og Port Elizabeth.

Elevane opplever juvvandring, fotturar, surfing og verdas høgste strikkhopp frå bru (216 m) kan også prøvast. Utanom naturopplevingane her, legg Øyvind stor vekt på kulturopplevingane og historia.

– Me må ikkje gløyma at då det var OL på Lillehammer i 1994, hadde Nelson Mandela for kort tid sidan vorte sett fri frå fengselet etter 27 år. Dette året vart Mandela det demokratiske Sør-Afrika sin fyrste president.

Elevane si beste oppleving på Bømlo

Det er sommarferie for dei 16 elevane på «Friluftsliv: Vill Vest», året vart avslutta med ei flott markering før 17. mai. Me snakka med nokre av elevane om deira beste naturoppleving på Bømlo, og kva eit slikt år har gjeve dei:

– Me har hatt utruleg mange fine turar, både dagsturar og overnattingsturar. Eg vil spesielt dra fram kajakkturane, stormsafari og kanotur. Det er fantastisk å sjå kreftene på havet og ikkje minst den nydelege skjærgården her på Bømlo, seier Hannah Wahl Iversen. Ho er 21 år og kjem frå Trondheim.

– Det var veldig kult med stormsafari på Hiskjo. Der fekk me sjå dei sterke havkreftene ståande på trygg avstand.Mathilde Wahl Mikalsen

– Kanoturen på Hagardsvatnet ved Holme, er ein av mine favoritt-turar. Til tross for at me måtte bæra kanoen nesten like langt som me padla, og at læraren vår, Øyvind, havna opp ned i kanoen sin, så var det fint å vere flere om padlinga. Me åt lunsj på ei aude øy med fantastisk vêr og utsikt. Det å sitja i kano med gode venner, sola i ansiktet og omringa av blått vatn er noko eg aldri kjem til å gløyma.

–- Eg har fått eit heilt nytt syn på naturen. Tidlegare trivdes eg best på rolege turar langs gruslagte stiar. I år har eg tvert om fått oppleva den verkelege sida av friluftsliv. Me har prøvd oss i all slags terreng. Både høgd- og vannskrekken min er blitt utfordra med fjellturar, klatring, grønnlandsrulle og rappellering. Det vert vanskelig å vere redd når støtta er stor og utsikta så fin! Eg er utruleg glad for at eg valde denne linja på ein så fantastisk stad som Bømlo. Det har vore utfordrande, morosamt, givande og herleg, seier Hannah.

Mathilde Wahl Mikalsen er 20 år og kjem fra Rørvik:

– Kvar tur har vore ein fryd. Det er vanskelig å velje mi beste oppleving, men personleg er eg veldig glad i havet, så kajakkturane ute i skjærgården ligg nok nærast hjarta mitt. Det var veldig kult med stormsafari på Hiskjo. Der fekk me sjå dei sterke havkreftene ståande på trygg avstand.

– Året har gjeve meg mange gode minner, det har vore innhaldsrikt og eg trur aldri i livet eg kjem til å skapa like mange minner på så kort tid nokon gong. Turane har skapt djupe venskap sett i høve til det ein kanskje får i eit klasserom. Året har ògså budd på mange gode erfaringar som eg garantert vil ta med meg vidare i livet. Dan Thai Hoang, 20 år frå Stavanger vil aldri gløyma kajakkturen til Utslottøy. – Det var ein veldig fin plass, og det var spanande å klatre på fjell og i sprekker. Dette året har eg lært mykje om friluftsliv, seier han. I hengekøye på Plass aholmen Elevane kjem frå ulike delar av landet, Amanda Gangsøy er 20 år og er frå Notodden.

– Kajakkturen me hadde til Plassaholmen var utruleg fin! Me sov i hengekøye på øya, — det var noko eg hadde håpa me skulle oppleve dette året. Eg har lært veldig mykje, både om meg sjølv og om friluftsliv, noko eg kunne lite om frå før. Det var litt av årsaka til at eg valde denne linja. Eg har blitt kjend med så mange fantastiske mennesker! Håpet var eit år kor eg kunne gjera noko anna enn å sitje i eit klasserom, det fekk eg verkeleg.

– Den beste naturopplevinga mi på Bømlo var òg overnattingsturen me hadde til grillhytta på Plassaholmen, fortel Astrid Vaskinn, som er 19 år og kjem fra Harstad.

– Me padla på sørvestsida av Goddo. Bømlo har ein heilt nydeleg skjærgård. Eg er blitt så forelska i padleområdet på Bømlo. Året har gjeve meg gode naturopplevingar her på Vestlandet, og eg fått mange nye vener. Det har vore heilt fantastisk, seier Astrid!

Bømlo Folkehøgskule legg vekt på bærekraft, kultur, kreativitet og solidaritet. Samstundes er det eit mål at ein skal utvikle seg innan kommunikasjon, kon-fliktløysing og samarbeid. Ein kan velje mellom linjene Lege & Sykepleier, Mat & BaristaFriluftsliv Vill VestFriluftsliv Kyst & Fjell og Fokus Afrika.

– Linja «Friluftsliv Vill Vest» er nærmast full kvart år, men me har nokre ledige plasser att til neste skuleår. Er du eller nokon du kjenner klare for nye naturopplevingar på vakre Bømlo, med fokus på felleskap og meistring er det berre til å søkje – du får garantert minner for livet.

Øyvind Rolfsnes-Flock

Innblikk