Anna Landøy

Eg gjekk på linja Fokus: Latin-Amerika på Bømlo Folkehøgskule året 2017/2018. Å ha eit år utan forventningspress, der du berre skal fokusere på å ha det bra, er noko eg trur alle treng.

Folkehøgskulen lærte meg at ein må tørre å satse, i tillegg til at presset om å komme raskt vidare i livet er ikkje så viktig, men ein må heller sette pris på noet. Relasjonane eg har fått etter folkehøgskulen har vore ein viktig del av livet og kvardagen sidan.

I dag studerer eg i Bergen, og bur saman nokre av desse venane. Det er vanskeleg å velje eitt spesielt minne frå denne tida, men noko av det eg syns var aller kjekkast med dette året, var alle kveldane vi satt ute i fellesstova og prata til klokka var 3 på natta. Det var sjeldan eg kjende meg einsam, og det var alltid nokon å henge med.

Helsing Anna Landøy

Innblikk