
Ane bytta Bergen med Bømlo: – Her kan eg ta livet litt sakte
Buss kvart tiande minutt, byliv og mediafag er bytta ut med ein heilt annan kvardag. Ane Ringdal (19) og Hilde Skjeldsberg (19) har flytta inn på Bømlo Folkehøgskule for å ta eit avbrekk – og kanskje reisa herfrå litt modigare enn dei kom.
Heime i Bergen er Ane Ringdal van med at bussen går kvart tiande minutt. Ho kan gå til sentrum på eit kvarter, og manglar ho sjampo, er det ei enkel sak å få tak i ein ny.
På Bømlo har sjølv ein tur på butikken blitt litt meir omstendeleg.
– Det er litt uvant kor vanskeleg det er å dra ein plass, seier ho.
Hilde Skjeldsberg frå Trondheim kjenner seg igjen. Næraste butikk frå folkehøgskulen er minst tjue minutt unna til fots, konstaterer ho. Men kanskje har det fordelar òg.
– Me sparer sikkert litt pengar då. Det blir jo ikkje godteri kvar kveld, seier ho og ler.
For Ane var det slett ikkje noko minus at Bømlo kunne by på ein litt rolegare kvardag då ho skulle velja kor ho ville tilbringa det neste året.
– Eg såg på Bømlo som ein moglegheit til å berre ta livet litt sakte.
Ville gjera noko heilt anna
Ane kjem frå Bergen og Hilde frå Trondheim. Dei hadde aldri møtt kvarandre før dei kom til Bømlo, men fann raskt ut at dei hadde noko vesentleg til felles: Begge har gått media og kommunikasjon på vidaregåande.
– Eg syntest media var veldig gøy, men eg ville berre ha noko anna. Heilt anna, seier Ane.
Ho utelukkar ikkje at ho går vidare med media seinare.
For Hilde var tanken på folkehøgskule godt kjend heimanfrå. Begge søstrene hennar har gått på folkehøgskule før henne, og rådet deira var ganske tydeleg.
– Dei var veldig sånn: «Du må på folkehøgskule!»

Bømlo vann på utsjånaden
Ane visste at ho ville bruka året på å reisa. Ho leita seg gjennom ulike folkehøgskular og sat etter kvart igjen med ei kort liste. Bømlo skilde seg ut med meir enn linjene. Ho likte området, bygga og det skulen hadde å by på.
Hilde gjekk ein litt annan veg då ho skulle velja.
– Eg var litt overflatisk og såg på korleis det såg ut på dei forskjellige skulane, seier ho og ler.
Av skulane ho vurderte, var det Bømlo som gjorde best inntrykk på bileta.
– Eg syntest det var den finaste skulen, med dei forskjellige internathusa og fasilitetane.
Etterpå såg ho nærare på linjene og valfaga og fann ut at dei passa òg. No går Hilde Tropisk backpacking, medan Ane går Fokus Afrika.
Etter nokre dagar på øya meiner Hilde at Bømlo har levert på førsteinntrykket frå bileta.
– Det er jo så idyllisk.
– Eg kjem til å spy
Idyllen var ikkje det Hilde tenkte mest på då ho sat i bilen saman med faren på veg mot skulen. Framfor henne venta ein ny stad, ein ny skule og mange menneske ho aldri hadde møtt.
– Eg var så stressa. Eg var så nervøs. Eg sa til pappa: «Eg kjem til å spy!»
Det gjekk heldigvis fort over. På skulen vart Hilde møtt av miljøarbeidarar som viste henne rundt og fekk henne til å kjenna seg velkommen.
– Dei var veldig imøtekommande. Eg roa meg med ein gong.
Det første møtet Ane hadde med Bømlo, vart langt rolegare. Ho hugsar det grøne graset, blomane og stilla rundt skulen. Kontrasten til Bergen var tydeleg.
– Det var veldig idyllisk. Veldig roleg og stille. Ganske ulikt byen som eg er van med.

Stadig nye samantreff
På internathuset Hovland fekk Ane og Hilde dobbeltrom saman. Før dei kom til Bømlo, hadde dei aldri møtt kvarandre.
For Hilde, som alltid har hatt rom åleine, var det uvant å plutseleg skulle dela rom med ein framand.
– Det var litt rart første natta. Me hadde jo aldri møtt kvarandre før. Så då var det litt stille.
Stilla skulle ikkje vara særleg lenge. Allereie dagen etter prata dei nok til at naboane kommenterte lydnivået.
– Ikkje ein klage kanskje, men ein kommentar, presiserer Hilde og ler.
Medan dei snakkar, blir lista over samantreff stadig lengre. Begge har gått media, begge har spelt i korps og begge har katt. Dei likar rosa, og så kjem dei på endå ein ting.
– Me har akkurat dei same sminke- og hudpleieprodukta, seier Hilde.
– Ja! Det er så mange små detaljar, legg Ane til og ler.
Fleire av likskapane hadde dei ikkje nemnt i søknaden til skulen. Om den gode rommatchen er nøye planlagd eller litt tilfeldig, veit dei difor ikkje.
Ane er uansett nøgd med resultatet.
– Eg kan ikkje sjå for meg å bu med nokon andre no.
Vil tørra meir
Når året på Bømlo er over, håpar Ane at ho har blitt flinkare til å kasta seg ut i ting.
– Eg håpar eg blir endå meir sånn at eg berre hoppar i det. At eg ikkje er så nervøs for at ting skal skje.
Hilde har eit liknande mål.
– Eg vil bli meir «social butterfly». Eg kjem jo hit utan å kjenna nokon, så eg har måtta tvinga meg sjølv litt i det.
Tidlegare har ho ofte halda seg til det venninnene gjorde. No håpar ho å bli tryggare på å ta initiativ og gjera ting på eiga hand.
Reisene gjennom skuleåret blir ein del av det for begge. Dei håpar erfaringane skal gjera det mindre skummelt å leggja ut på eigne reiser seinare.
– Mange seier dei vil backpacka i Asia eller reisa rundt i Sør-Amerika. Men det kan vera veldig skummelt når det er så langt vekke, seier Ane.
Hilde ser på reisene gjennom folkehøgskulen som ein måte å få prøvd seg på først.
– Me får litt sånn «jumpstart» på det. Me treng ikkje planleggja alt sjølve. Me får opplevingar som kanskje gjer at me tør å gjera meir seinare.
Før den tid ventar eit heilt skuleår på Bømlo.
Ane har fått den rolegare kvardagen ho var ute etter, medan Hilde allereie har kome seg gjennom den første nervøse dagen. No håpar begge at året skal gjera terskelen litt lågare for å kasta seg ut i det som kjem etterpå.
Bømlo-nytt, 02.09.2026. Foto og tekst: Kjerstin Mæland.
