Valfag/Fellesfag

VALFAG

Bømlo Folkehøgskule har eit breitt og spennande valfagstilbod.

Du kan for eksempel velja idrett, klatring, eller friluftsliv. Kanskje vil du gå lette turar og utforske øya, grava etter gull og fiska frå båt? Eige musikkrom med nok instrument til å laga eit eige band har me òg.

Du vel kva valfag du vil ha når du kjem til skulen. Det blir nytt val etter nyttår, slik at du kan få prøva noko nytt om du ønsker det.

Mange av valfaga me har hatt dei siste skuleåra vil me også ha neste år, men akkurat kva valfag me kan tilby er avhengig av lærarane som arbeider ved skulen.

Me har følgande valfag skuleåret 2019/2020:

Torsdag:Fredag:
Årbok og MarknadsføringSmak av natur
Sosid (sos.antropoloigi og idrett)Skriveverkstad haust og Webdesign vår
MatlystBliss
Kajakk og klatring haust og friluftsliv vår
Brennpunkt
Russland/RussiskAktiv
AktivRedesign
KreativBesøksven
TeatersportTa opp fag
Søm og omsøm På eiga hand

Du kan lese meir om dei ulike valfaga våre her.

I tillegg tilbyr me òg følgande kurs:

  • Båtførarprøven
  • Sikringskurs for klatrevegg
  • Fridykkarsertifikat
  • Brattkortkurs

Vil du ta opp fag frå vidaregåande?
Kva med å kombinera det med noko som svært sannsynleg kan bli det beste året i ditt liv? Her på Bømlo Folkehøgskule har me eit valfag der du får tatt opp igjen det du treng. Me vil samarbeida med Bømlo vidaregåande skule og legga alt til rette for at du skal nå målet ditt, samtidig som du er ein del av eit fantastisk miljø!

FELLESFAG

Fellesfaga er organisert slik at me kvar skuledag startar med morgonsamling, med opprop, beskjedar og ord for dagen.

Måndagar kl. 09:00 er det rektor sin time. Her får du høyra om det som skal skje i veka som kjem, og annan viktig informasjon for oss alle. Elevrådet får også tid til å ta opp saker på desse møta.

Både torsdag og fredag startar med fellesfag etter frukost. Det blir forskjellige tema kvar veke, og det blir også tid til litt song.

På skulen vår har me òg laurdagsundervisning, såkalla laurdagsseminar. Då inviterer me som oftast folk eller organisasjonar utanfrå, men dei forskjellige linjene skal òg ha seminar for å visa dei andre på skulen kva dei jobbar med. Me legg stor vekt på variasjon i seminara. Nokre gonger kan det vera føredrag om tema som miljø, menneske på flukt, sjølvtillit, psykisk helse, berekraft, naturopplevingar og reiser, andre gonger handlar seminara om livredning, friluftsliv og samfunnsfag.

Fleire veker i skuleåret har me prosjektveker. Då lar me timeplan vera timeplan, og gjer noko heilt anna. Første og siste veka i skuleåret er òg annleis enn andre veker: Då blir me kjent og tar farvel. Ei veke i september brukar Fokus-linjene til å førebu Solidaritetsdag og Matfestival. I oktober er det revyveke for alle. Då skal alle elevane laga årets revy saman, og til premieren inviterer me foreldra til å sjå resultatet.

Ei veke i januar har me skikkeleg vinterveke på Hovden.

Kvar vår arrangerer elevane på Bømlo Folkehøgskule Fredsfestival.