Praktisk info

ALDERSGRENSE

På Bømlo FHS har me 18 års aldersgrense. Det betyr at du må fylla 18 år i løpet av hausten. Gjennomsnittsalderen er på vel 19 år.

Reglar for livet på skulen

Eit godt samliv krev reglar. Dei to viktigaste er:

  • Skulen skal vera fri for rusmiddel
  • All undervisning og fellesaktivitetar er obligatoriske

Kostnader

For å bekrefta at du tar imot tilbod om skuleplass, betaler du kr 2 000 i innmeldingspengar. Opphaldsutgifter for skuleåret 2019/2020 er kr 72 500 for stort dobbeltrom og kr 67 500 for lite dobbeltrom. For enkeltrom er prisen kr 77 500. Opphaldsutgiftene blir betalte i 10 terminar, og du betaler dermed kr 7 750 i terminen for enkeltrom. Du får tilbod om avtalegiro for denne betalinga.

I begynninga av august betaler du kr 10 000 for fellesturar, kopiering osv.

For betaling av innmeldingspengar er det 14 dagars angrefrist frå betalingsdato, i tråd med angrerettlova. Elevar som sluttar i skuleåret må betala for seks veker etter at dei har slutta.

Forsikringar

Bømlo Folkehøgskule har teikna ulykkesforsikring for elevane.

Ifølge Folketrygdlovas §13.10 er elevane dekte ved yrkesskade. Dette gjeld norske statsborgarar som er medlemmer av Norsk Folketrygd.

Reiseforsikring må elevane skaffa sjølv (dei fleste er dekte av foreldra sine forsikringar).

Skoletur

Skoleturen til Nepal kostar ca. 18 000 kroner.

Det vil bli alternativt opplegg for dei som ikkje ønsker å vera med på Nepal-turen.

LINJETURANE

Er du elev ved Fokus Afrika kostar linjeturen kr 30 000, mens han kostar ca. kr 35.000 for Fokus Latin-Amerika. Friluftsliv sin tur til Sør-Afrika kostar ca. kr 30.000. Down under sin tur til Australia vil kosta ca. kr 36.000.

I tillegg kjem kostnader for vaksinar og liknande. Les meir om kva vaksinar du treng og få eit innblikk i kva dei kan kosta.

Alle prisar inkluderer reise, overnatting og dei aller fleste måltid.

Me tar atterhald om endring av prisar som følge av valutakursar, fly- og transporttariffar, samt uføresette skattar og avgifter som me ikkje sjølv rår over.

LÅN OG STIPEND

Alle elevar kan søka stipend og eventuelt lån i Statens lånekasse for utdanning.

Alt du får i lån og stipend står som lån inntil du har fullført skuleåret. Omgjering til stipend skjer etter skatteoppgjeret, det vil seia i november eitt år etter skuleslutt. Du kan også ha rett på reisestipend. Beløpet frå Lånekassen vil bli utbetalt månadleg, med eit større beløp i begynninga av kvart semester.

Enkelte LO-forbund gir stipend til barn av medlemmer. Skulen sender søknad til dei forskjellige forbunda etter skulestart.

DIETTER

Dersom du har spesielle behov når det gjeld mat, kan det tilkomma ekstra kostnader. Dette gjeld spesielt dei som har grunnstønad for fordyra kosthald.

PAKKELISTER

Her er ei generell pakkeliste med oversikt over kva du bør ta med deg når du kjem til skulen. Før du reiser til Hovden er det lurt å kikka på denne lista.

Du finn pakkelister for dei ulike linjene i omtalen av kvar linje.