Friluftsliv: Sør Afrika

Friluftsliv: Sør-Afrika er linja for deg som ønsker eit år fullt av aktivitet og naturopplevingar! Klasserommet vårt har ingen veggar, klasserommet vårt er havet, fjella, breen og skogen. Bømlo er vår basecamp, med tusen øyar og Vestlandets vakraste skjergard. Eit perfekt utgangspunkt for spennande og varierte naturopplevingar, både på land og på vatn, i klatresele og tau. I nærområdet vårt har me alt frå ope hav til kvasse tindar og isbreen Folgefonna.

Linja passar for alle som er interesserte i eit aktivt og variert friluftsliv frå hav til tind! Du treng ikkje masse erfaring frå før, men det er viktig at du har utferdstrong og lyst til å utfordra deg sjølv. Har du det, så lover me deg flotte naturopplevingar, gode vennskap og stoltheit over ting du har meistra. For deg er dette eit år med moglegheiter! Saman legg me opp året slik at me får realisert dine

HAUSTSEMESTERET

På hausten blir det klatring. Skulen har innandørs klatrevegg der me kan læra oss det grunnleggande. Nord på Bømlo finn me nokre av Norges finaste område for klatring på blankskurt granitt. Berre ein time unna ligg Haugalandsveggen med 1000 m2 innandørs klatrebonanza. Alle får sjansen til å ta ”Brattkort”.

Skulen satsar mykje på kajakkpadling, og kjøpte inn 16 nye havkajakkar i 2014. Du får ta grunnkurs i havkajakk og får ”Våttkort”. Bømlo har tusen øyar og er eit eldorado for kajakkpadling! Her finn me alt frå stille, beskytta farvatn innaskjers til det buldrande storhavet rett utanfor døra. Få ting er som å gli stille gjennom spegelblank sjø, få auge på sjøfugl før dei får auge på deg, eller å padla rett gjennom bølgene og kjenna vatnet fossa rundt kajakken. Kanskje vil du læra deg eskimorulle?

Me reiser til isbreen Folgefonna. Her vandrar me blant eventyrlege formasjonar av tusen år gammal is. Me kan gå ned i sprekker og komma ut heilt andre stader. Om du vil, kan du klatre opp bratte veggar med skikkeleg isklatreutstyr.

På Bømlo har me mykje kyst, men òg innsjøar, skog og mange fjelltoppar – små og store med god utsikt. Me besøker mange av dei.

Me pakkar sekken og går på fjellturar, nokre gonger på dagsturar, andre gonger i fleire dagar. Me overnattar i telt, lagar mat på primus og bål, og lærer å klara oss sjølve.

Kvart år arrangerer me fridykkarkurs og kurs for båtførarprøven.

LINJETUR TIL SØR-AFRIKA

Når hauststormane har begynt å rasa på Bømlo, gjer me som trekkfuglane har gjort for lengst: Me set kursen sørover. Og ferda går langt sør, heilt til Sør-Afrika!

Me reiser på safari i ein av Sør-Afrikas mange nasjonalparkar. Her speidar me etter ville dyr og opplever dei på nært hald. Me prøver også å få til rafting, og me er innom Johannesburg og besøker Soweto der Nelson Mandela budde og apartheidmuseet ligg.

Deretter reiser me langs Garden Route mellom Cape Town og Port Elizabeth. Langs denne vakre kyststrekningen blir det blant anna juvvandring, fotturar, surfing og verdas høgaste strikkhopp frå bru (216m !) for dei som ønsker det.

På slutten av turen er me ei god veke i Cape Town – av mange rekna som ein av dei vakraste byane i verda, der han ligg heilt sør på det afrikanske kontinent med 1000 meter høge Table Mountain tronande i bakgrunnen. Dette er også byen/regionen som har alt for oss som ikkje likar å sitta så mykje stille.  Her legg me opp til flest fellesaktivitetar, og nokre valfrie. Dette er noko av det me gjer:

  • Topptur til Table Mountain. Vidsyn utover to verdshav og ein av verdas vakraste byar.
  • Rappelering ned frå toppen av Table Mountain. Dette kitlar garantert i magen!
  • Bølgesurfing eller vindsurfing. Her finst det moglegheiter også for nybegynnarar.
  • Klatring. Her finnes alt, for nybegynnarar og ekspertar.
  • Kajakkpadling. Her får vi brukt ferdigheitene me har tileigna oss på Bømlo.
  • Fallskjermhopping. For dei mest vågale!
  • Dykking med hai. Om du tør, kan du dykka ned i eit bur og oppleva hai på nært hald.
  • Juvvandring. Med våtdrakt utforskar me elvar i botnen av spennande juv. Her får du hoppa frå 10-meteren, om du ikkje har gjort det før.
  • Fjellturar. Den ville kysten byr på mange moglegheiter for spektakulære fjellturar.
  • Kapp det gode håp. Afrikas sørvestlegaste punkt. Særeigen og flott natur. Her møtest havstraumane frå Atlanterhavet og det Indiske hav.
  • Robben Island. Berykta fengsel i århundre, og fengsel for politiske fangar under Sør-Afrikas apartheidregime. Her sat Nelson Mandela 18 av de 27 åra han var fengsla.
  • Township. Me besøker Cape Towns fattige bydelar og ser korleis mange av Sør-Afrikas svarte bur som eit resultat av kolonistyre og 50 år med apartheid.

Reisa er ikkje heilt identisk kvart år, me forsøker heile tida å forbetra og fornya ho.

Du må vera innstilt på å reisa med eit ope sinn, opplevingane kjem til å bli mange og sterke. Har du ein draum om å oppleva Afrika på den aktive måten, er dette turen du må bli med på!

Prisen for linjeturen er ca. 30 000 kroner. Det inkluderer reise, overnatting, mesteparten av maten og en del fellesaktivitetar. I tillegg kjem vaksinar, lommepengar og valfrie aktivitetar – avhengig av kva du ønskjer å gjera.

VÅRSEMESTERET

På vinteren reiser me på skiturar til fjells. Overnatting i telt, snøhole og hytte. Me vel turar etter evne, og lærer om trygge vegval i forhold til snøskred.

Etter påske fokuserer me på kysten. Våren er ei fantastisk tid på Bømlo! Me padlar kajakk og klatrar, og nyt at naturen vaknar til liv etter vinteren.

Undervisninga blir i stor grad tilpassa vêr og føre, slik at me kjem nærast mogleg optimale forhold for det me driv med. Det betyr at me kanskje ikkje alltid får gjennomført det me hadde tenkt, men ut på ein eller annan spennande tur kjem me alltid!

KORT OPPSUMMERT

Grunnkurs havkajakk med våttkort, overnattingsturar med havkajakk, klatring inne og ute og brattkorttest, bretur på Folgefonna, fjellturar med overnatting, tilbod om kurs for båtførarprøven, tilbod om fridykkarkurs, skiveke på Hovden – 6 dagar, snøholetur, miljøprosjekt og strandrydding, dagsturar i skog, mark og fjell. Sør-Afrika 3 veker +++

Pakkeliste

Dette bør du ha med deg på  friluftslivlinja og til Sør-Afrika.