Fokus: Afrika

Afrika er IKKJE slik det blir framstilt i nyheitene, men så uendeleg mykje meir. Me skal læra om oss-dei, nord-sør. Kva kan me forventa av dei me møter, og ikkje minst: Kva forventar dei av oss? Målet vårt er å utgjera ein forskjell. Du vil få oppleve at i verkelegheita byr Afrika både på tøffe og gledelege opplevingar – og alt imellom.

Haustsemesteret

Me vil sjølvsagt fokusera på reisemåla våre. Det blir planlegging, gjennomgang av landa me skal besøka. Kva er historia til Uganda, Kenya, Tanzania? Korleis heng samfunnet saman? Heng det i det hele tatt saman? Politikk og kvardag, folket og framtida, djupare innblikk i nyheitene om Afrika.

Me skal også, i samarbeid med Latin-Amerika-linja, arrangera ein solidaritetsdag – der me samlar inn pengar til diverse prosjekt i Afrika og Latin-Amerika. Å få lov å overrekka midlar som du sjølv har gjort ein innsats for å samla inn, er ei flott oppleving, då du får sjå med eigne auge kva pengane går til.

LINJETUR TIL AFRIKA

Me reiser på 4-5 vekers tur til Kenya, Uganda og Tanzania (Zanzibar), og besøker spennande prosjekt, menneske og organisasjonar. De elevar er viktige i reiseplanlegginga, og må gjerne komma med innspel til prosjekt me kan besøka. Me har nokre faste prosjekter me besøker, som for eksempel tidlegare barnesoldatar i Nord-Uganda og barneheimen Maisha Mema i Kenya.

Me skal læra om korleis det er å jobba ute på landsbygda, og me skal spela fotball med barn på rød Afrika-jord. Me skal bu hos tre forskjellige stammer på landsbygda, dansa med masaiane, føla på verkelegheita til mange afrikanarar. Me reiser til Nilens kjelde, og rafter og hoppar bungee. Me besøker den altfor verkelege slummen, og reiser på safari og ser løver, sjiraffar, gepardar og mykje meir. Me besøker barneheimar det me kan sjå at frivilligheit og gode intensjonar hjelper, og me besøker òg skuler – og får eit viktig innsyn i ein kvardag som er fjern frå det me er vane med. Det blir alt frå HIV/Aids-prosjekt til sand mellom tærne på Zanzibar, der me brukar den siste veka til snorkling og avslapping ved det Indiske hav. Kanskje me får svømma med delfinar? Eg gleder meg til å visa deg at det Afrika eg kjenner også er eit godt Afrika, eit Afrika med håp. Eg gleder meg til å presentere deg for mine fantastiske venner i Kenya, Uganda og på Zanzibar.

Saman lagar me turen og opplevingane undervegs.

Det blir 4-5 veker på tur; ei lang reise fysisk sett, men også garantert ei vel så lang indre reise. Du kan nok ikkje redda verda, MEN du kan gjera noko for nokon, og det er stort det!

Linjeturen til Afrika vil koste ca. 30 000 kroner.
Kostnader til vaksine kjem i tillegg.

Vårsemesteret

Etter jul arbeidar me oss gjennom Afrika-turen me har vore på. Sidan me òg reiser til Nepal, skal me sjå nærare på dette landet og landa rundt. Vidare utover våren vil me, gjennom ulike former for prosjektarbeid, setta oss betre inn i korleis (heile) verda eigentleg fungerer.

Me skal læra om arbeidet til internasjonale organisasjonar, korleis me kan fremja menneskerettar, forholdet mellom Nord og Sør (og kva som blir meint med det), kampen om ressursane, miljøpolitikk, og om Noregs forhold til verda og verda sitt forhold til Noreg.

Som elev ved Fokus: Afrika vil du læra like mykje om verda som om deg sjølv, og du kjem til å vera med på arbeidet for fred og solidaritet – her heime og ute i verda.

Pakkeliste

Dette bør du ha med deg til Afrika.