Fellestur til Nepal

Dei siste åra har me reist på skuletur til Kina, men frå skoleåret 2019/2020 reiser me til Nepal.

Skuleturen kjem i tillegg til studieturen på kvar enkelt linje.

I Nepal skal me læra legendariske Katmandu å kjenna. Med fargar, lukter og vrimlande liv så langt auga kan sjå. Dette blir ei uforgløymeleg reise med eit tettpakka og spennande program. Her vil du møta kaotisk storby, men òg ro og mystikk i vakre tempel.

Når me kjem fram besøker me apetempelet – som har utsikt over byen, etterfølgt av felles velkomstmiddag.

Me skal besøka vakre Pokhara, ein liten by ved innsjøen Feva. Her kan du ro ut til eit tempel midt utpå. Dette er også staden for mange fotturar i Himalaya, og frå Pokhara kan ein sjå fjelltoppar som stig 7 000 meter til vêrs.

Me skal besøka landsbygda utanfor Katmandu. Her får du oppleva smil og gjestfridom frå lokalbefolkninga, og gjennom felles aktivitetar lærer me lokalbefolkninga å kjenna. Korleis leva frå hand til munn? Lær å laga maten, lokalt jordbruk, handverk, song og dans. Ei skikkeleg kulturutveksling!

Storslåtte naturopplevingar ventar, for eksempel i Dhampus. På slutten av turen reiser me tilbake til Katmandu, der det òg blir ein dag med eit stort utval av frivillige utflukter.

Her kan du sjå film og programmet for skuleturen til Kina i mars 2019.

Me har òg eit eige bildegalleri fra tidligere turen til Nepal.

Pakkeliste

Dette bør du ha med deg til Nepal.