Back 2 Basics: Europa

Lei av bruk og kast-mentaliteten? Vil du leva godt, men på ein berekraftig måte? På Back 2 Basics jobbar me med å minska klimaavtrykket vårt og brukar det som ei kreativ ramme for innhaldet på linja. Me viser at å leva miljøvennleg ikkje går ut over livskvaliteten, men kanskje heller motsett. Me pustar liv i tanken om å gjera det meste og beste ut av det me har tilgjengeleg, frå uventa gullgruver på loft og i kjeller til råvarene frå naturen rundt oss. Studietur: Ca. 3 veker Interrail i Europa.

HAUST- OG VÅRSEMESTERET

Om alle levde som nordmenn, ville me trengt nesten fire jordklodar – kvart einaste år. «Kven betalar prisen for vårt overforbruk?» Det er eitt av spørsmåla me stiller oss når me dykkar ned i tema som berekraft, miljø, etikk og solidaritet. Me er innom tema som eingongsbruk og jobbar fram nye, miljøvennlege løysingar og konseptuelle idéar. Me ser på utfordringa me møter i form av plast og mikroplast i naturen. Kva grep er gjort, og kva kan gjerast vidare? Er det mogleg å leve «frigansk», altså å livnæra seg på det som er tilgjengeleg gratis? Korleis heng forbruk og velferd saman, og har det noko å seia kor kleda dine er produsert?

Livsstilsutfordringar som plastfri veke, dumpster diving, vegansk veke, shoppestopp og ZeroWaste gjer dagane rikare og bevisstgjer oss på ein heilt ny måte. Med inspirasjon frå aktørar på YouTube og miljøengasjerte bloggarar, hentar me også fram smarte og nyttige småtriks og life hacks som både kan gjera kvardagen enklare og minska klimaavtrykket vårt på område som mat, hygiene, klede, utstyr, vedlikehald og reingjering. Visste du forresten at det finst titals bruksområde i heimen der eddik erstattar miljøskadelege produkt?

Undervisningsopplegget er fleksibelt og me setter av to veker både før og etter jul til å fordjupa oss i større, praktiske prosjekter som du er med på å bestemma. Det blir naturleg å opparbeida oss nokre grunnferdigheiter innan byggteknikk, tømring, materialkunnskap og liknande. Dette blir nyttig om me lagar møblar, grindbygg eller bygger vårt eige mikrohus. Andre opplegg kan vera redesign og omsaum, som opnar for kreativt interiør og klesdesign med inspirasjon frå Pinterest og kjende aktørar innan gjenbruk. Me kan følga heile prosessar frå saueklypp til farga garn eller vev, eller frå slakt og partering til endeleg produkt som spekemat eller smalahove. Andre ferdigheiter og handverk kan være knivmaking, sykkelreparasjon, eller hausting og konservering av bær, sopp og frukt. Med andre ord er det lite som set grenser for kva prosjekt du kan arbeida med!

Fleire utflukter ventar i løpet av året. Me praktiserer sykkelturisme og drar på telttur langs ein del av Nordsjøløypa. Vi ryddar strender og det blir mogleg å dykka etter avfall langs kysten. Det ventar ein visitt til ein moderne økolandsby i Hurdal utanfor Oslo, som satsar på berekraftig fellesskap og samarbeid om forbruket og ressursane. Her blir det spennande å høyre korleis idéen blei til og sjå korleis innbyggarane bur. På Vestlandet skal me innom fleire ulike tradisjonshandverkarar innan mat, drikke og andre produkt, som for eksempel Fitjar Islands som lærer oss basisen for å lage god hud- og skjeggpleie frå botnen av.

LINJETUR

Linjeturen gjennom Europa går sjølvsagt, i tråd med fokuset på linja, med tog og interrail. Dette set minst mogleg klimaavtrykk, men det opnar også opp for å oppleva mykje meir på kort tid når me slepp å venta timevis på flyplassar. Det blir både storbyar, landsbygda og storslegen natur når me sikter oss inn mot område der berekraftige handverks- og mattradisjonar framleis lever i beste velgåande. Kanskje droppar me innom ein ny økolandsby eller andre besøksverdige opplevingar innan økoturisme? Syklar me gatelangs i Amsterdam og erfarer korleis miljøvennleg byplanlegging kan endra reisevanane til innbyggarane? Eller lar me oss freista av middag på Freegan Pony i Paris eller andre friganarrestaurantar nedover kontinentet? Me har iallfall flust av marknader, ZeroWaste- og andre nisjebutikkar, gjenbruksdesign, museum og kulturarrangement å boltra oss i. Du er med og avgjer programmet, for reiseruta planlegg me i fellesskap! Linjeturen vil koste ca. 10 000 kroner.