Vill Vest på Bømlo

På linja «Friluftsliv: Vill Vest» nyttar dei naturen som klasserom heile året. Og kanskje er dette ei sunn motvekt til krava som unge møter i dag? Lærar, Øyvind Rolfsnes-Flock, meiner det er viktig å inspirera elevane til friluftsliv som livsstil. Me tok ein triveleg prat med han.

TEKST: Lena Her­land Eide
FOTO: Øyvind Rolfsnes-Flock

PS: Denne artikke­len stod opprin­ne­leg på trykk i Bøm­lo Nytt si Som­mar­avis som du kan lese her. Attg­jeven med løyve.

Lærar, Øyvind Rolf­snes-Flock, på Kajakk tur med ele­vane på «Friluft­sliv Vill Vest». Ein flott tur frå Sæverud­søy via Kat­la til Plassaholmen.

Øyvind har alltid vore glad i naturen

– Ein er jo litt usikker i ung­dom­sti­da kva ret­ning ein skal vel­je, men eg fann ganske tid­leg ut at eg ville satse på noko innan fjell og natur, og det å jobbe med mennesker.

Utdan­ningsvalet fall på lærarut­dan­ning og 2 år med spe­sialis­er­ing innan friluftsliv.

Øyvind har hatt sesongjobb som bre­førar, guid­ing og kla­tring. Han har tidle­gare job­ba med ung­dom og i Tur­ist­for­eininga i Sta­vanger. I studi­eti­da møtte han ei Bøm­la­jente, dei har to born på 9 og 11 år. Etter å ha budd nokre år på litt ulike stad­er, busette dei seg på Bømlo.

– Eg har alltid hatt lyst til å job­ba på folke­høgskule, sjansen baud seg då det duk­ka opp ei ledig still­ing her for 12 år sidan.

– Utslåt­tøy er utan tvil ei av dei vakraste per­lene på Bøm­lo, det er fan­tastisk å padle ut der. Å kom­binere det med kla­tring og det å sit­je og nyte havet.

Øyvind Rolf­snes Flock

Samansveisa og trygge

– Det er givande å job­ba med ung­dom, målet mitt som lærar på «Friluft­sliv: Vill Vest» er at ele­vane skal meistre og lære nye ting, og å ha gode natur­op­plevin­gar som dei tek med seg vidare i livet. At dei kjen­ner på entu­si­asme og glede i det dei driv med er vik­tig. Min jobb er å legge til rette for gode læringsopplevingar.

– Ein ynskjer alltid at dei skal fort­set­je med det dei har lært, at dei enten tek det med seg i utdan­ninga, eller får glede av det på friti­da. Det vert enklare å dri­ve med til dømes padling, kla­tring og det å over­nat­te i naturen om ein har lært det grunnleggjande.

– Ele­vane kjem oftast rett frå vidaregåande, og mange er usikre og ukjende for einan­nan. Det er fint å sjå kor samans­veisa og trygge dei vert. Etterk­vart vågar dei meir, utfor­drar seg sjølve, kjen­ner på meistring og vert stolte. Dei får meir sjølvtil­lit, noko som spelar ei stor rolle for vidare utdan­ning og elles i livet, seier Øyvind.

Padling og klatring

Det er nok ikkje til­feldig at lin­ja «Friluft­sliv: Vill Vest» er på Bøm­lo. Her har ein nær­leik til kyst og hav. Det er eit eldo­ra­do for padling blant tusen­vis av øyer. På vest­si­da er land­skapet vilt og vakkert, og på aust­si­da mer skjer­ma. Det er fan­tastiske høve for padling og klatring.

– Mange av ele­vane kjem frå stad­er langt inn i lan­det, og det er difor fint å ta dei med seg til havet – berre å vere der i all slags vêr og vind, for­tel Øyvind.

– Utslåt­tøy er utan tvil ei av dei vakraste per­lene på Bøm­lo, det er fan­tastisk å pad­la ut der. Å kom­binere det med kla­tring og det å sit­je og nyte havet, spe­sielt ved solnedgang — er utru­leg flott. Det må du få med deg, er eit tips frå den entu­si­astiske læraren.

Turtips

Det er feri­etid, og mange tur­is­tar er innom Bøm­lo, anten dei har hytte der, eller er heime og besøk­jer familie.

– Kva anbe­faler du at dei tek med seg av spanande natur­op­plevin­gar i som­mar spør me?

– Eit kajakkurs med Sunnhord­land padlek­lubb, med eit mål om ein padle­tur til Utslåt­tøy vil eg rå inter­esserte til. Det er kurs heile som­maren og ein kan delta på kurs som går over to dagar. Kur­sa har base på Sæverudøy.

– Ein tur til Dyrnes Fyr er ògså ei veldig fin opplev­ing. Du kjør­er til Løve­g­apet i nær­leiken av Langevåg og går langs Roalds­fjor­den og Sætre. Ein kjem­pefin tur langs flotte viker, der finn du blant anna spor etter steinaldertida.

Øyvind har dri­ve med strandry­d­ding i dette området I mange år.

– Me har årleg strandry­d­ding med alle ele­vane på «Friluft­sliv: Vill Vest». Det er vik­tig, og me tykkjer det er fint å bidra til miljøet på denne måten, for­tel han.

– Bran­da­sund­så­ta er ein av dei finaste utkikkspostene på Bøm­lo. Ein køyre­tur over bruene ut dit kan anbe­falast. Det er mange flotte rasteplass­er og svært tilret­te­lagt for ein fam­i­li­etur. Ferske kanel­boller er å få kjøpt på Skjæret i Bran­da­sund. Elles vil eg opp­for­dre til å bruke Turlaget sine sider, som har både gode tur­tips og mer­ka løypene godt, seier læraren. (www.ut.no)

Kickstart på «Friluftsliv:Vill Vest»

«Friluft­sliv: Vill Vest» byr på spanande utfor­dringar og legg vekt på kjensla av meistring gjen­nom eit vari­ert pro­gram utandørs.

Lin­ja kick­starter året med mel­lom anna raft­ing på Voss, strikkhopp og tur til Via Fer­ra­ta i Åkrafjor­den, samt ein fot­tur til Troll­tun­ga eller Fol­ge­fon­na. Lokalt på Bøm­lo gjer dei seg i kast med havka­jakkpadling, fjel­lk­la­tring og rapel­ler­ing. Ein har høve til fridykkarkurs og topp­tur til tin­dane i Rosendalsalpene.

På turen til Sør Afri­ka går reisa nærare bestemt til Gar­den Route, som er strekninga mel­lom Cape Town og Port Elizabeth.

Ele­vane opplever juvvan­dring, fot­turar, surf­ing og ver­das høg­ste strikkhopp frå bru (216 m) kan også prø­vast. Utanom natur­op­plevin­gane her, legg Øyvind stor vekt på kul­tur­op­plevin­gane og historia.

– Me må ikkje gløy­ma at då det var OL på Lille­ham­mer i 1994, hadde Nel­son Man­dela for kort tid sidan vorte sett fri frå fengse­let etter 27 år. Dette året vart Man­dela det demokratiske Sør-Afri­ka sin fyrste president.

Elevane si beste oppleving på Bømlo

Det er som­mar­ferie for dei 16 ele­vane på «Friluft­sliv: Vill Vest», året vart avs­lut­ta med ei flott mark­er­ing før 17. mai. Me snakka med nokre av ele­vane om deira beste natur­op­plev­ing på Bøm­lo, og kva eit slikt år har gjeve dei:

– Me har hatt utru­leg mange fine turar, både dagstu­rar og over­nat­tingstu­rar. Eg vil spe­sielt dra fram kajakk­tu­rane, storm­sa­fari og kan­otur. Det er fan­tastisk å sjå kreftene på havet og ikkje minst den nydelege skjærgår­den her på Bøm­lo, seier Han­nah Wahl Iversen. Ho er 21 år og kjem frå Trondheim.

– Det var veldig kult med storm­sa­fari på Hiskjo. Der fekk me sjå dei sterke havkreftene ståande på trygg avstand.

Mathilde Wahl Mikalsen

– Kan­oturen på Hagards­vat­net ved Holme, er ein av mine favoritt-turar. Til tross for at me måtte bæra kanoen nesten like langt som me pad­la, og at læraren vår, Øyvind, hav­na opp ned i kanoen sin, så var det fint å vere flere om padlin­ga. Me åt lun­sj på ei aude øy med fan­tastisk vêr og utsikt. Det å sit­ja i kano med gode ven­ner, sola i ansik­tet og omringa av blått vatn er noko eg aldri kjem til å gløyma.

–- Eg har fått eit heilt nytt syn på naturen. Tidle­gare trivdes eg best på rolege turar langs grus­lagte stiar. I år har eg tvert om fått oppl­e­va den verkelege sida av friluft­sliv. Me har prøvd oss i all slags ter­reng. Både høgd- og vannskrekken min er blitt utfor­dra med fjell­tur­ar, kla­tring, grønn­land­srulle og rap­pel­ler­ing. Det vert vanske­lig å vere redd når støt­ta er stor og utsik­ta så fin! Eg er utru­leg glad for at eg valde denne lin­ja på ein så fan­tastisk stad som Bøm­lo. Det har vore utfor­drande, morosamt, givande og her­leg, seier Hannah.

Mathilde Wahl Mikalsen er 20 år og kjem fra Rørvik:

– Kvar tur har vore ein fryd. Det er vanske­lig å vel­je mi beste opplev­ing, men per­son­leg er eg veldig glad i havet, så kajakk­tu­rane ute i skjærgår­den ligg nok nærast hjar­ta mitt. Det var veldig kult med storm­sa­fari på Hiskjo. Der fekk me sjå dei sterke havkreftene ståande på trygg avstand.

– Året har gjeve meg mange gode min­ner, det har vore innhald­srikt og eg trur aldri i livet eg kjem til å ska­pa like mange min­ner på så kort tid nokon gong. Turane har skapt djupe ven­skap sett i høve til det ein kan­skje får i eit klasserom. Året har ògså budd på mange gode erfaringar som eg garan­tert vil ta med meg vidare i livet. Dan Thai Hoang, 20 år frå Sta­vanger vil aldri gløy­ma kajakk­turen til Utslot­tøy. – Det var ein veldig fin plass, og det var spanande å kla­tre på fjell og i sprekker. Dette året har eg lært myk­je om friluft­sliv, seier han. I hengekøye på Plass ahol­men Ele­vane kjem frå ulike delar av lan­det, Aman­da Gangsøy er 20 år og er frå Notodden.

– Kajakk­turen me hadde til Plas­sa­hol­men var utru­leg fin! Me sov i hengekøye på øya, — det var noko eg hadde håpa me skulle oppleve dette året. Eg har lært veldig myk­je, både om meg sjølv og om friluft­sliv, noko eg kunne lite om frå før. Det var litt av årsa­ka til at eg valde denne lin­ja. Eg har blitt kjend med så mange fan­tastiske men­nesker! Håpet var eit år kor eg kunne gjera noko anna enn å sit­je i eit klasserom, det fekk eg verkeleg.

– Den beste natur­op­plevin­ga mi på Bøm­lo var òg over­nat­tings­turen me hadde til grill­hyt­ta på Plas­sa­hol­men, for­tel Astrid Vask­inn, som er 19 år og kjem fra Harstad.

– Me pad­la på sør­vest­si­da av God­do. Bøm­lo har ein heilt nyde­leg skjærgård. Eg er blitt så forel­s­ka i padleom­rådet på Bøm­lo. Året har gjeve meg gode natur­op­plevin­gar her på Vest­landet, og eg fått mange nye ven­er. Det har vore heilt fan­tastisk, seier Astrid!

Bøm­lo Folke­høgskule legg vekt på bærekraft, kul­tur, kreativitet og sol­i­daritet. Sam­stun­des er det eit mål at ein skal utvikle seg innan kom­mu­nikasjon, kon-flik­tløys­ing og samar­beid. Ein kan vel­je mel­lom lin­jene Lege & Syke­pleier, Mat & Barista, Friluft­sliv Vill Vest, Friluft­sliv Kyst & Fjell og Fokus Afri­ka.

– Lin­ja «Friluft­sliv Vill Vest» er nær­mast full kvart år, men me har nokre ledi­ge plass­er att til neste skuleår. Er du eller nokon du kjen­ner klare for nye natur­op­plevin­gar på vakre Bøm­lo, med fokus på felleskap og meistring er det berre til å søk­je – du får garan­tert min­ner for livet.

Øyvind Rolf­snes-Flock
Mer innblikk
hei-bomlo-fhs

HEI Bømlo FHS

Enten du er fornøyd eller mener vi kan forbedre oss, setter vi stor pris på tilbakemeldinger om hverdagen din på Bømlo folkehøgskule! Ris eller ros, gleder eller sorger, stort eller smått: Har du noe du vil dele med oss, så send oss en melding! Tilbakemeldingen din plukkes da opp av rektor Magne, og blir brukt i arbeidet vårt for å gjøre skolen vår enda bedre.

Håper vi hører fra deg!

(Du kan velge å være anonym. Men for å gjøre det lettere for skolen å ta tak i tilbakemeldingen din, setter vi pris på om du oppgir navnet ditt.)

hei-bomlo-fhs