Ønskjer du ein givande, lærerik og spennande sommarjobb?

Bøm­lo Folke­høgskule skal også i 2022 arran­gere som­mar­leirar for barn og ferieop­phald for vak­sne utvikling­shem­ma i regi av Bergen kommune.

Er du glad i utfor­dringar og likar å jobbe saman med men­neske, vil dette vere ein givande og spen­nande som­mar­jobb! Vi treng leiarar til som­mar­leirar for barn og ferieop­phald for vaksne.

Du må vere over 18 år for å arbei­de ved som­mar­leirar og ferieopphald.

Dei som får tilbod om å arbei­de ved som­mar­leirar og ferieop­phald må levere Poli­ti­at­test, og vil få nær­mare opplysningar om kor­leis dei skal gå fram for å gjere det.

Her kan du lese meir om som­mar­leirar for barn, ferieop­phald for vak­sne, prak­tisk infor­masjon som søk­nads­frist m.v.

Som­mar­leirar for barn:
Leirane er på 12 dagar, og det blir arrangert tre leirar.

Som­maren 2022 vil tid­spunk­tet for leirane vere:

  • Første som­mar­leir for barn: 27. juni til 8. juli
  • Andre som­mar­leir for barn:  11. til 22. juli
  • Tred­je som­mar­leir for barn:  25. juli til 5. august

Leirane har som for­mål å gi bar­na ei trygg og min­ner­ik ferieop­plev­ing. For mange av bar­na er dette den einaste ferien dei får heile som­maren. Det er om lag 40 barn og 13 leiarar på kvar leir. Som leiar har du ans­var for tilret­te­leg­ging og utføring av turar, aktivite­tar, grens­esetjing, kom­mu­nikasjon, omsorg og stell av barna.

I løpet av ein leir vil du ha omlag 5–6 dag­vak­ter, 5–6 kveldsvak­ter og 2 sovande nattevakter.

I til­legg til dette må du rekne med tid til plan­leg­ging og føre­bu­ing. For kvar leir vil du ha 3–4 ans­varsvak­ter, det vil seie at du har ans­var for å plan­legge den aktuelle dagen, gjere dei føre­buin­gane som er naudsynte og rett og slett ha litt ekstra ans­var når du er på jobb den aktuelle dagen. God plan­leg­ging og føre­bu­ing vil gjere arbei­ds­da­gane myk­je kjekkare!

For å jobbe som leiar må du ha inter­esse for arbeid med barn, evne til å forstå og set­je deg inn i bar­na sin situ­asjon og tankemåte. Barn er små men­neske som har behov for nær­leik, tryg­gleik, fel­lesskap og respekt på lik lin­je med vak­sne. Skil­naden er at dei ofte rea­ger­er annleis og meir spon­tant. Du må rekne med stres­sa situ­asjonar, samt at det i arbei­det med barn vil opp­stå uven­ta situ­asjonar som krev både kreativitet og evne til å endre det som er planlagt.

Vi tilbyr også plass til barn med spe­sielle behov, som til dømes utvikling­shem­ma eller fysisk funksjon­shem­ma barn.

Vi har som krav at du må ha erfar­ing frå arbeid med barn. Det er også krav om å levere politiattest.

Det er vik­tig å vise omsorg for bar­na som kan­skje er borte heiman­frå for første gang. På denne måten blir dei som arbei­der ved som­mar­leirar for barn ein mel­lombels erstat­ning for forel­dre og/eller føresette.

Velkom­men som leiar til oss på som­mar­leir for barn!

Med hels­ing Sun­ni­va Skurtveit (Leirsjef)

Ferieop­phald for vak­sne:
Ferieop­phal­da er på 12 dagar, og det blir arrangert tre ferieopphald.

Som­maren 2022 vil opphal­da vere i denne perioden:

  • Første ferieop­phald:  27. juni til 8. juli
  • Andre ferieop­phald:   11. til 22. juli
  • Tred­je ferieop­phald:  25. juli 5. august

Dei av oss med ei utvikling­shem­ming er livs­glade men­neske som har behov for like myk­je, om ikkje meir, nær­leik, tryg­gleik, fel­lesskap og respekt som andre. Skil­naden er at dei ofte rea­ger­er annleis og meir spon­tant, enn det vi er van med. Det kan vere litt vanske­leg å forstå kva ei bestemt åtferd betyr.

Dette er kan­skje deltakarane sin einaste ferie. Leiarane lagar i stand utfluk­ter og arrange­ment, som skal skje under så sikre forhold som mog­leg. Deltakarane skal kjenne seg trygge på det som skal skje, samt kor­leis og kvar dette skjer. Dei skal få lov til å slappe av og nyte ferien sin slik dei sjølv ønskjer, og så langt vi kan skal vi føl­gje opp deira ønske. Ein del deltakarar har vore på Bøm­lo Folke­høgskule før, medan det for andre vil vere ein heilt ny stad.

Bergen kom­mune del­er deltakarane opp i ulike grup­per. Grup­pene har frå to til seks deltakarar, avhengig av funksjon­snivå og kor stor grad av hjelp dei treng. Grup­pemedlemmene del­er rom og kvar gruppe har to ferieleiarar som har det totale ans­varet for grup­pa. Desse må føl­gje opp kvar deltakar, det vil mel­lom anna seie å hjelpe til med mor­gon­stell og dusjing, aktivis­ere, set­je grenser, kom­mu­nis­ere bra og gi masse omsorg. Alle deltakarane har rett til å bli behand­la med respekt. Det vis­er vi på måten deltakarane vert tilsnakka, omtalt og behandla.

Dei to leiarane på kvar gruppe går mot kvaran­dre i tur­nus. Det vil seie at du har ei vakt kvar dag, anten dag eller kveld. Dag — og kveldsvakt er omtrent likt fordelt, der to kveldsvak­ter pr opphald også er sovande nat­te­vak­ter. I til­legg til tur­nus­pla­nen må du rekne med tid til å plan­leg­gje aktivite­tar. Som grup­peleiar vil du få beskjed om spe­sielle medisi­nar, mat­va­nar, diet­tar eller aller­gi som du må passe på og leg­gje til rette. Infor­masjon om dette vil du få av feriesjefen.

Bøm­lo er også ein nyde­leg plass å arbei­d­de, der det er moge­leg med mange aktivite­tar for eiga fritid og sosialt sam­vere med dei andre tilsette. Dei fleste tilsette bur på skulen sitt område og for­mar sin eigen ferie på friti­da. Mel­lom opphal­da er det også fri­hel­ger, der det er høve for å nyte som­maren på vestlandet.

Velkom­men som leiar til oss på ferieopphald!

Prak­tisk infor­masjon:
Bøm­lo Folke­høgskule er eit flott anlegg som ligg godt skjer­ma og eignar seg veldig godt til å arran­gere som­mar­leirar og ferieop­phald. Det er gode høve for aktivite­tar på området både innandørs og utandørs.

Innandørs har vi gym­sal, peises­tove, form­ingsrom, bib­liotek, kla­trevegg, rom eigna for diskotek og andre opphald­srom. Utandørs har vi eit stort sjøhus med stor og fin brygge, og robå­tar har vi og til­gang til. Bøm­lo Folke­høgskule har fot­ball­bane og ligg fint til i ter­renget, med kort veg til både sjø og fjell.

For Bøm­lo Folke­høgskule er det vik­tig med eit godt arbei­dsmiljø. Dette set krav til deg både når du er på arbeid og i friti­da. Alle som arbei­der ved skulen må engas­jere seg for å behalde eit godt miljø, om det så inneber å strekkje seg litt lenger. Det er eit godt teikn at dei som vel å arbei­de ved dei årlege leirane og ferieop­phal­da, ofte kjem tilbake fleire år.

Søk­nad:
Ønskjer du å søk­je arbeid på som­mar­leirane for barn eller ferieop­phald for vak­sne, skal du sende søk­naden elek­tro­n­isk til magne@bomlo.fhs.no

Søk­nads­frist: Innan 25. feb­ru­ar 2022

I søk­naden må du ha med opplysningar om:

  • Namn og fødselsdato
  • Litt om deg, kvi­for du ønskjer å arbei­de og kva du kan til­føre i ein slik arbeidssituasjon
  • CV, med utdan­ning og anna arbeidserfaring
  • Tele­fon­num­mer, epostadresse og adresse

Vi vil pri­or­itere dei som kan arbei­de alle tre som­mar­leirane eller alle tre ferieopphalda.

Forkurs:
Både for ferieop­phald for vak­sne og som­mar­leirar for barn blir det arrangert forkurs, og alle som skal arbei­de må møte på forkurs. Forkur­sa blir arrangert 24. til 26. juni både for som­mar­leir og for ferieopphald.

På forkurset plan­legg vi og føre­bur oss, går gjen­nom aktivitet­s­pla­nar, tur­nusar, deltakarlis­ter, samar­bei­d­soppgåver m.v.

Under forkurset er vi med på første­hjelp­skurs. Elles får vi infor­masjon om reglar på Bøm­lo Folke­høgskule, gjen­nomgår bran­nruti­nar m.v.

Alle tilsette har teiep­likt i forhold til deltakarane. Dette skriv du under på i arbeidskontrakten.

Løn:
Dei som blir tilsett får fri kost og losji på skulen. I til­legg til kr 3.250 i løn for forkurs, er som­mar­leirar og ferieop­phald  løna slik:

  • Kr 18.250 i løn pr som­mar­leir for barn
  • Kr 18.500 i løn pr ferieopphald

Feriepen­gar kjem i tillegg.

Det vil seie at brut­toløn (før feriepen­gar) etter tre ferieop­phald med forkurs er kr 58.750.

Det blir ikkje betalt ut over­tid, men der­som du går inn i tur­nus for tilsette som er sjuk, får du ekstra betalt for dette.

Det vert utbe­talt kr 10.000,- i forskot etter første leir eller ferieop­phald. NB: Sjekk at du har delt skat­teko­rt slik at vi kan hente det ned frå Altinn.

Løn med feriepen­gar vert utbe­talt 15. august 2022.

Stad­fest­ing på at du har arbei­dd ved som­mar­leirar eller ferieop­phald vil bli sendt om lag ein månad etter at arbei­det er avslutta.

Arbei­d­stid:
Arbei­det er organ­is­ert i tur­nus med dag‑, kvelds,- og sovande nattevakter.

I til­legg til tur­nus­vak­tene er plan­leg­ging av aktivite­tar inklud­ert i løna. Lau­rdag og søndag mel­lom dei tre leirane/ferieopphalda har du fri.

Andre forhold:
Vi tek ikkje ans­var for eventuelle feil i infor­masjo­nen og for eventuelle endringar, som til dømes at det blir færre leirar og opphald enn plan­lagt grun­na lågare tal deltakarar.

Tilbakemeld­ing til søk­jarar:
Vi skal prøve å ha klar første tilsetjingsrunde innan 25. mars 2022.

Dei som får tilbod om arbeid får ein arbei­d­sav­tale som dei skal sende tilbake fer­dig under­skriv­en. Arbei­d­sav­tal­en er grunnlaget for å søk­je om politiattest.

Der­som de ikkje kan arbei­de likev­el, må de vere grei å gi meld­ing om det så snart som moge­leg — slik at vi kan gi tilbod til andre.

Vi har i utgangspunk­tet ikkje høve til å sende tilbakemeld­ing til dei vi ikkje kan til­by arbeid. Dette er vanske­leg å få til, både reint ressursmes­sig — men også sidan det er gre­itt å ha ein del i bak­hand der­som nokre seier nei til tilbodet om arbeid i sommar.

Der­som de har spørsmål til som­mar­leirane for barn eller ferieop­phald for vak­sne, kan de ta kon­takt med Bøm­lo Folke­høgskule på tele­fon 53 42 56 50 eller helst med rek­tor på e‑post magne@bomlo.fhs.no

Mer innblikk
hei-bomlo-fhs

HEI Bømlo FHS

Enten du er fornøyd eller mener vi kan forbedre oss, setter vi stor pris på tilbakemeldinger om hverdagen din på Bømlo folkehøgskule! Ris eller ros, gleder eller sorger, stort eller smått: Har du noe du vil dele med oss, så send oss en melding! Tilbakemeldingen din plukkes da opp av rektor Magne, og blir brukt i arbeidet vårt for å gjøre skolen vår enda bedre.

Håper vi hører fra deg!

(Du kan velge å være anonym. Men for å gjøre det lettere for skolen å ta tak i tilbakemeldingen din, setter vi pris på om du oppgir navnet ditt.)

hei-bomlo-fhs