Ønskjer du ein givande, lærerik og spennande sommarjobb?

Bømlo Folkehøgskule skal også i 2021 arrangere sommarleirar for barn i regi av Bergen kommune.

Er du glad i utfordringar og likar å jobbe saman med menneske, vil dette vere ein givande og spennande sommarjobb! Vi treng leiarar til sommarleirar for barn.

Du må vere over 18 år for å arbeide ved sommarleirar.

Dei som får tilbod om å arbeide ved sommarleirar må levere Politiattest, og vil få nærmare opplysningar om korleis dei skal gå fram for å gjere det.

Her kan du lese meir om sommarleirar for barn, praktisk informasjon som søknadsfrist m.v.

Sommarleirar for barn:

Leirane er på 12 dagar, og det blir arrangert tre leirar kvar sommar.

Sommaren 2021 vil tidspunktet for leirane vere:

  • Første sommarleir for barn: 21. juni til 2. juli
  • Andre sommarleir for barn:   5. til 16. juli
  • Tredje sommarleir for barn: 19. til 30. juli

Leirane har som formål å gi barna ei trygg og minnerik ferieoppleving. For mange av barna er dette den einaste ferien dei får heile sommaren. Det er om lag 40 barn og 13 leiarar på kvar leir. Som leiar har du ansvar for tilrettelegging og utføring av turar, aktivitetar, grensesetjing, kommunikasjon, omsorg og stell av barna.

I løpet av ein leir vil du ha omlag 5-6 dagvakter, 5-6 kveldsvakter og 2 sovande nattevakter.

I tillegg til dette må du rekne med tid til planlegging og førebuing. For kvar leir vil du ha 3-4 ansvarsvakter, det vil seie at du har ansvar for å planlegge den aktuelle dagen, gjere dei førebuingane som er naudsynte og rett og slett ha litt ekstra ansvar når du er på jobb den aktuelle dagen. God planlegging og førebuing vil gjere arbeidsdagane mykje kjekkare!

For å jobbe som leiar må du ha interesse for arbeid med barn, evne til å forstå og setje deg inn i barna sin situasjon og tankemåte. Barn er små menneske som har behov for nærleik, tryggleik, fellesskap og respekt på lik linje med vaksne. Skilnaden er at dei ofte reagerer annleis og meir spontant. Du må rekne med stressa situasjonar, samt at det i arbeidet med barn vil oppstå uventa situasjonar som krev både kreativitet og evne til å endre det som er planlagt.

Vi tilbyr også plass til barn med spesielle behov, som til dømes utviklingshemma eller fysisk funksjonshemma barn.

Vi har som krav at du må ha erfaring frå arbeid med barn.

Det er viktig å vise omsorg for barna som kanskje er borte heimanfrå for første gang. På denne måten blir dei som arbeider ved sommarleirar for barn ein mellombels erstatning for foreldre og/eller føresette.

Velkommen som leiar til oss på sommarleir for barn!

Med helsing Sunniva Skurtveit (Leirsjef)

Praktisk informasjon:

Bømlo Folkehøgskule er eit flott anlegg som ligg godt skjerma og eignar seg veldig godt til å arrangere sommarleirar. Det er gode høve for aktivitetar på området både innandørs og utandørs.

Innandørs har vi gymsal, peisestove, formingsrom, bibliotek, klatrevegg, rom eigna for diskotek og andre opphaldsrom. Utandørs har vi eit stort sjøhus med stor og fin brygge, og robåtar har vi og tilgang til. Bømlo Folkehøgskule har fotballbane og ligg fint til i terrenget, med kort veg til både sjø og fjell.

For Bømlo Folkehøgskule er det viktig med eit godt arbeidsmiljø. Dette set krav til deg både når du er på arbeid og i fritida. Alle som arbeider ved skulen må engasjere seg for å behalde eit godt miljø, om det så inneber å strekkje seg litt lenger. Det er eit godt teikn at dei som vel å arbeide ved dei årlege leirane, ofte kjem tilbake fleire år.

Søknad:
Ønskjer du å søkje arbeid på sommarleirane for barn, skal du sende søknaden elektronisk til on.sh1614605097f.olm1614605097ob@en1614605097gam1614605097

Søknadsfrist: Innan 15. mars 2021

I søknaden må du ha med opplysningar om:

  • Namn og fødselsdato
  • Litt om deg, kvifor du ønskjer å arbeide og kva du kan tilføre i ein slik arbeidssituasjon
  • CV, med utdanning og anna arbeidserfaring
  • Telefonnummer, epostadresse og adresse

Vi vil prioritere dei som kan arbeide alle tre sommarleirane.

Forkurs:
Dei som skal arbeide ved sommarleirar for barn må møte til forkurs, som blir arrangert 18. til 20. juni.

På forkurset planlegg vi og førebur oss, går gjennom aktivitetsplanar, turnusar, deltakarlister, samarbeidsoppgåver m.v.

Under forkurset er vi med på førstehjelpskurs. Elles får vi informasjon om reglar på Bømlo Folkehøgskule, gjennomgår brannrutinar m.v.

Alle tilsette har teieplikt i forhold til deltakarane. Dette skriv du under på i arbeidskontrakten.

Løn:
Dei som blir tilsett får fri kost og losji på skulen. I tillegg til kr 3.250 i løn for forkurs, er sommarleirar løna slik:

  • Kr 17.750 i løn pr sommarleir for barn

Feriepengar kjem i tillegg.

Det vil seie at bruttoløn (før feriepengar) etter tre sommarleirar med forkurs er kr 56.500.

Det blir ikkje betalt ut overtid, men dersom du går inn i turnus for tilsette som er sjuk, får du ekstra betalt for dette.

Det vert utbetalt kr 10.000,- i forskot etter første leir. NB: Sjekk at du har delt skattekort slik at vi kan hente det ned frå Altinn.

Løn med feriepengar vert utbetalt 13. august 2021.

Stadfesting på at du har arbeidd ved sommarleirar vil bli sendt om lag ein månad etter at arbeidet er avslutta.

Arbeidstid:
Arbeidet er organisert i turnus med dag-, kvelds,- og sovande nattevakter.

I tillegg til turnusvaktene er planlegging av aktivitetar inkludert i løna. Laurdag og søndag mellom dei tre leirane har du fri.

Andre forhold:
Vi tek ikkje ansvar for eventuelle feil i informasjonen og for eventuelle endringar, som til dømes at det blir færre leirar enn planlagt grunna lågare tal deltakarar.

Tilbakemelding til søkjarar:
Vi skal prøve å ha klar første tilsetjingsrunde innan påske.

Dei som får tilbod om arbeid får ein arbeidsavtale som dei skal sende tilbake ferdig underskriven. Arbeidsavtalen er grunnlaget for å søkje om politiattest.

Dersom de ikkje kan arbeide likevel, må de vere grei å gi melding om det så snart som mogeleg – slik at vi kan gi tilbod til andre.

Vi har i utgangspunktet ikkje høve til å sende tilbakemelding til dei vi ikkje kan tilby arbeid. Dette er vanskeleg å få til, både reint ressursmessig – men også sidan det er greitt å ha ein del i bakhand dersom nokre seier nei til tilbodet om arbeid i sommar.

Dersom de har spørsmål til sommarleirane for barn, kan de ta kontakt med Bømlo Folkehøgskule på telefon 53 42 56 50 eller helst med rektor på e-post on.sh1614605097f.olm1614605097ob@en1614605097gam1614605097

Anna informasjon:
Vi gjer merksam på at ein eller fleire sommarleirar kan bli avlyst på kort varsel, dersom smittesituasjonen i forhold til covid-19 tilseier det.

Bergen kommune planlegg diverre ikkje ferieopphald for vaksne sommaren 2021.

hei-bomlo-fhs

HEI Bømlo FHS

Enten du er fornøyd eller mener vi kan forbedre oss, setter vi stor pris på tilbakemeldinger om hverdagen din på Bømlo folkehøgskule! Ris eller ros, gleder eller sorger, stort eller smått: Har du noe du vil dele med oss, så send oss en melding! Tilbakemeldingen din plukkes da opp av rektor Magne, og blir brukt i arbeidet vårt for å gjøre skolen vår enda bedre.

Håper vi hører fra deg!

(Du kan velge å være anonym. Men for å gjøre det lettere for skolen å ta tak i tilbakemeldingen din, setter vi pris på om du oppgir navnet ditt.)

hei-bomlo-fhs