Jorunn om Australia-linja

Hei! Eg heiter Jorunn, er 25 år og kjem frå Voss. Skuleåret 2014-2015 var eg ein av dei heldige som fekk vera elev ved Bømlo Folkehøgskule. Eg gjekk på ei heilt nystarta linje; «Down Under: Australia», der me fekk reist på ein uforgløymeleg linjetur. I dag jobbar eg som radiograf på Bærum sjukehus.

I ettertid er eg ikkje i tvil om at et år på folkehøgskule gjer noko med ein. Tenk å få moglegheit til å reisa aleine til ein ny stad og møte personar frå alle kantar av landet. Eit år som skil seg heilt frå det ein er vant til. Året gjer at ein utfordrar seg sjølv, lettare blir kjend med andre og kanskje til og med finn nye sider ved seg sjølv – altså nyttig lærdom å ta med seg vidare i livet.

Etter folkehøgskulen reiste eg saman med to vener frå klassen for å studere i Trondheim, der me vart buande i lag i heile fire år. Berre dette i seg sjølv er ein stor fordel med folkehøgskule – sjansen er stor for at ein får fortsette å leve i ei mindre folkehøgskuleboble litt til, fordi mange ofte reiser til dei same plassane for å studere. Dette gjorde det mykje enklare for meg å begynne som student!

Eg har framleis kontakt med fleire av vennene mine frå skulen, som eg den dag i dag anser for å vere nokon av mine beste venner, snart seks år etter at me slutta på skulen. Det er det som er så bra med å vere mange jamaldrande på same plass over så lang tid, ein blir kjend med all slags moglege folk og er aldri åleine.

Som nevnt hadde me ein fantastisk tur til Australia i løpet av året, der me blei godt kjend med kvarandre i løpet av turen. Heile skulen fekk og reise på hyttetur til Hovden, for å stå på ski og konkurrere om å framføre den beste låta i vår heilt eigne Melodi Grand Prix. Dette er eit av dei beste minnene, i tillegg til mange andre gode minner, som bading, padling, båtturar, leikar, utflukter og alle andre aktivitetar som skjedde på skulen i løpet av skuleåret.

Eit år på folkehøgskule er utan tvil ein god investering, og ikkje minst er det eit av dei beste vala eg har tatt, som gjer at eg kan sjå tilbake på året med glede i dag.

hei-bomlo-fhs

HEI Bømlo FHS

Enten du er fornøyd eller mener vi kan forbedre oss, setter vi stor pris på tilbakemeldinger om hverdagen din på Bømlo folkehøgskule! Ris eller ros, gleder eller sorger, stort eller smått: Har du noe du vil dele med oss, så send oss en melding! Tilbakemeldingen din plukkes da opp av rektor Magne, og blir brukt i arbeidet vårt for å gjøre skolen vår enda bedre.

Håper vi hører fra deg!

(Du kan velge å være anonym. Men for å gjøre det lettere for skolen å ta tak i tilbakemeldingen din, setter vi pris på om du oppgir navnet ditt.)

hei-bomlo-fhs