Start av Bømlo Folkehøgskule i korona-tid – hausten 2020

Det er nok fleire som er spente på skulestart til hausten, og i år er det ekstra spenning grunna situasjonen rundt koronavirus og eventuelle konsekvensar for start av skuleåret. Også Bømlo Folkehøgskule har gjort ein del tilpassingar til situasjonen, men i det store og heile vil skuleåret bli likt tidlegare folkehøgskuleår med fokus på praktisk læring og fagleg kunnskap innan ulike emne.

Vi er tydelege på at vi planlegg å starte skuleåret som normalt, noko vi baserer på signal frå myndigheiter og det faktum at liknande skular no opnar opp igjen. Vi forventar at vi kjem til å starte som normalt, når denne gradvise gjenopninga av samfunnet held fram som no.

Nokre endringar vil det likevel bli, som at vi dei første to vekene vil halde oss saman her på skulen.  Når vi ser at alle er symptomfrie, kan vi opne meir opp. Dette er det beste for både elevar og Bømlo-samfunnet elles. Bømlo har hatt nokre få tilfelle av koronasmitta, men det har ikkje vore nye tilfelle sidan slutten av mars.

Vi har allereie informert alle nye elevar om at linjeturane neste skuleår vil vere i vårsemesteret. Vi kjem ikkje til å reise om før vi får klarsignal frå sentrale myndigheiter om at det er forsvarleg. Det er fleire faktorar som spelar inn her, mellom anna korona-situasjonen i landa vi planlegg å reise til. Vi vil sjølvsagt tilpasse oss dette, og vi planlegg også turane i forhold til det.

Vi kjem til å ha fokus på smittevern og hygiene i tida som kjem. Både på skulen, internata og når elevar og tilsette reiser til og frå skulen. Vi kjem til å gå gjennom smittevern og hygiene med elevane når skulen startar. Vidare blir reinhald av skulen tilpassa situasjonen med auka fokus på desinfisering av ulike flater (dørhandtak m.v.).

Vi skal også setje av eigne lokale til elevar som viser symptom på smitte, og som eventuelt blir sjuke. Vi har kort veg til nærmaste legekontor og eit godt samarbeid er allereie på plass.

Vi følgjer råda frå Folkehelseinstituttet og samarbeider med kommuneoverlegen i førebuingane til skuleåret. Folkehelseinstituttet kjem jamleg med  oppdateringar på kva som er tilrådd av smittevern, og lagar spesifikke rettleiarar for smittevern for ulike institusjonar. Det har ikkje kome eigen rettleiar for folkehøgskulane endå, men dette vil nok vere på plass i god tid før skulestart.

Vi følgjer med på utviklinga og råda som kjem frå myndigheitene. Det er framleis ei tid til skulestart og det er fleire ting som kan endre seg. Vi skal uansett tilpasse oss slik at elevane våre har det trygt på skulen. Vi ser verkeleg fram til skulestart og å få elevar på skulen igjen!

Du kan lese meir om korona og folkehøgskular her.

Så sjølv om det meste no er litt opp ned, så er vi trygge på at alt skal bli bra😊

hei-bomlo-fhs

HEI Bømlo FHS

Enten du er fornøyd eller mener vi kan forbedre oss, setter vi stor pris på tilbakemeldinger om hverdagen din på Bømlo folkehøgskule! Ris eller ros, gleder eller sorger, stort eller smått: Har du noe du vil dele med oss, så send oss en melding! Tilbakemeldingen din plukkes da opp av rektor Magne, og blir brukt i arbeidet vårt for å gjøre skolen vår enda bedre.

Håper vi hører fra deg!

(Du kan velge å være anonym. Men for å gjøre det lettere for skolen å ta tak i tilbakemeldingen din, setter vi pris på om du oppgir navnet ditt.)

hei-bomlo-fhs