Informasjon om situasjonen rundt koronavirus

I tråd med regjeringa sitt vedtak som følgje av  koronaepidemien, måtte Bømlo Folkehøgskule diverre stenge skulen og sende elevane heim fredag 13. mars 2020. Vi måtte også avlyse den planlagde skuleturen til Nepal.

Sidan det var lagt opp til skuletur dei to siste vekene før påske, vart det avgjort at skulen i første omgang skal vere stengt til etter påske.

Undervisning:
Som andre skular i Noreg, er også folkehøgskular pålagt å ha undervisning i den tida skulebygga er stengt. Dette er ein heilt ny situasjon også for lærarane ved Bømlo Folkehøgskule, men dei lagar fjernundervisningsopplegg både for felles-, linje- og valfag i den perioden skulen er stengt.  

Elevane høyrer såleis frå lærarane sine og andre tilsette som før, berre at skulen er stengt og vi ikkje har elevar her. Vi kommuniserer på Facebook-sida til elevar og tilsette 2019/2020, men vi har også kontakt med elevane på andre måtar – som e-post, sms, videomøte m.v. Det er også laga ein plan for kven som skal ha ord for dagen.

Elevane pliktar å følgje undervisninga som vanleg, og det blir ført på ein setning på vitnemålet om at elevar har følgt opplegg i heimeperioden knytt til koronaepedemien.

Det er viktig at elevane er «pålogga» og følgjer opplegget til lærarane, slik at skuleåret går sin gang og vi kan lage til vitnemål til kvar elev.

Avslutningsperioden etter påske:
Vi håpar at det er råd å starte opp igjen normal folkehøgskuledrift etter påske, slik planen var med at elevane skal kome tilbake tysdag 14. april på ettermiddags- eller kveldstid. Vi reknar med å få ei avklaring på dette rimeleg snart.

Vi ønskjer oss ei god avslutning av eit flott skuleår, men vi kan ikkje seie så mykje no om korleis det blir med sjølve avslutningsfesten vår. Vi kjem tilbake med meir informasjon også om dette seinare.

Økonomi:
Som resten av landet, har også folkehøgskulane fått store utfordringar på grunn av koronaviruset. Vi arbeider med å avklare situasjonen og på same tid gi elevane så godt tilbod som mogeleg slik situasjonen er no.

Alle elevar får framleis studiestøtte frå Lånekassen, slik som før, og reglane for omgjering av stipend er knytt opp til elevane si deltaking i skulen sine aktivitetar. Til vi veit meir vil elevbetaling bli fakturert som vanleg.

Vi kjem vi tilbake med meir informasjon når det er meir klart. Vi vil følgje Folkehøgskolerådet, folkehøgskulane sitt øvste organ, og dei tilrådingar dei gir folkehøgskulane framover. Vi ber om forståing for at avklaringane rundt dette kan ta litt tid.

Forsikringsoppgjer etter avlyst skuletur til Nepal:
Skulen hadde ikkje noko anna val enn å avlyse skuleturen til Nepal, etter at regjeringa tok avgjerda om å stengje alle skular. Då endra også Utanriksdepartementet sine reiseråd, sidan alle vart oppmoda til ikkje å reise med fly utan at det var heilt nødvendig.

Ethical Travel Portal har utarbeidd eit brev til kvar elev som skulle vore med på skuleturen til Nepal, som elevane skal bruke for å få dekka utgifter som ikkje blir refundert. Utgifter som blir refundert skal Bømlo Folkehøgskule betale tilbake til kvar elev når vi har mottatt dei frå Ethical Travel Portal.

Informasjon vidare:
Informasjonen blir oppdatert på nettsida til skulen etter kvart som vi lagar nye planar, når vi får ny informasjon frå regjering og folkehøgskolerådet.

Ta gjerne kontakt om du lurar på noko; telefon 53425650 eller e-post til post@bomlo.fhs.no

Finnås, 23. mars 2020

Magne Grøneng Flokenes

Rektor

hei-bomlo-fhs

HEI Bømlo FHS

Enten du er fornøyd eller mener vi kan forbedre oss, setter vi stor pris på tilbakemeldinger om hverdagen din på Bømlo folkehøgskule! Ris eller ros, gleder eller sorger, stort eller smått: Har du noe du vil dele med oss, så send oss en melding! Tilbakemeldingen din plukkes da opp av rektor Magne, og blir brukt i arbeidet vårt for å gjøre skolen vår enda bedre.

Håper vi hører fra deg!

(Du kan velge å være anonym. Men for å gjøre det lettere for skolen å ta tak i tilbakemeldingen din, setter vi pris på om du oppgir navnet ditt.)

hei-bomlo-fhs