Ønskjer du ein givande og spennande sommarjobb?

Bømlo Folkehøgskule skal også i 2020 arrangere sommarleirar for barn og ferieopphald for vaksne utviklingshemma i regi av Bergen kommune.

Er du glad i utfordringar og likar å jobbe saman med menneske, vil dette vere ein givande og spennande sommarjobb! Vi treng leiarar til sommarleirar for barn og ferieopphald for vaksne.

Du må vere over 18 år for å arbeide ved sommarleirar og ferieopphald.

Dei som får tilbod om å arbeide ved sommarleirar og ferieopphald må levere Politiattest, og vil få nærmare opplysningar om korleis dei skal gå fram for å gjere det.

Her kan du lese meir om sommarleirar for barn, ferieopphald for vaksne, praktisk informasjon som søknadsfrist m.v.

Sommarleirar for barn:

Leirane er på 12 dagar, og det blir arrangert tre leirar kvar sommar.

Sommaren 2020 vil tidspunktet for leirane vere:

  • Første sommarleir for barn: 22. juni til 3. juli
  • Andre sommarleir for barn:   6. til 17. juli
  • Tredje sommarleir for barn: 20. til 31. juli

Leirane har som formål å gi barna ei trygg og minnerik ferieoppleving. For mange av barna er dette den einaste ferien dei får heile sommaren. Det er viktig å vise omsorg for barna som kanskje er borte heimanfrå for første gang. På denne måten blir dei som arbeider ved sommarleirar for barn ein mellombels erstatning for foreldre og/eller føresette.

Det er om lag 40 barn og 13 leiarar på kvar leir. Som leiar har du ansvar for tilrettelegging og utføring av turar, aktivitetar, grensesetjing, kommunikasjon, omsorg og stell av barna.

I løpet av ein leir vil du ha omlag 5-6 dagvakter, 5-6 kveldsvakter og 2 sovande nattevakter.

I tillegg til dette må du rekne med tid til planlegging og førebuing. For kvar leir vil du ha 3-4 ansvarsvakter, det vil seie at du har ansvar for å planlegge den aktuelle dagen, gjere dei førebuingane som er naudsynte og rett og slett ha litt ekstra ansvar når du er på jobb den aktuelle dagen. God planlegging og førebuing vil gjere arbeidsdagane mykje kjekkare!

For å jobbe som leiar må du ha interesse for arbeid med barn, evne til å forstå og setje deg inn i barna sin situasjon og tankemåte. Barn er små menneske som har behov for nærleik, tryggleik, fellesskap og respekt på lik linje med vaksne. Skilnaden er at dei ofte reagerer annleis og meir spontant. Du må rekne med stressa situasjonar, samt at det i arbeidet med barn vil oppstå uventa situasjonar som krev både kreativitet og evne til å endre det som er planlagt.

Vi tilbyr også plass til barn med spesielle behov, som til dømes utviklingshemma eller fysisk funksjonshemma barn.

Vi har som krav at du må ha erfaring frå arbeid med barn. Det er også krav om å levere politiattest.

Velkommen som leiar til oss på sommarleir for barn!

Med helsing Sunniva Skurtveit (Leirsjef)

Ferieopphald for vaksne:

Ferieopphalda er på 12 dagar, og det blir arrangert tre ferieopphald kvar sommar.

Sommaren 2020 vil opphalda vere i denne perioden:

  • Første ferieopphald: 29. juni til 10. juli
  • Andre ferieopphald: 13. til 24. juli
  • Tredje ferieopphald: 27. juli 7. august

Dei av oss med ei utviklingshemming er livsglade menneske som har behov for like mykje, om ikkje meir, nærleik, tryggleik, fellesskap og respekt som andre. Skilnaden er at dei ofte reagerer annleis og meir spontant, enn det vi er van med. Det kan vere litt vanskeleg å forstå kva ei bestemt åtferd betyr.

Dette er kanskje deltakarane sin einaste ferie. Leiarane lagar i stand utflukter og arrangement, som skal skje under så sikre forhold som mogleg. Deltakarane skal kjenne seg trygge på det som skal skje, samt korleis og kvar dette skjer. Dei skal få lov til å slappe av og nyte ferien sin slik dei sjølv ønskjer, og så langt vi kan skal vi følgje opp deira ønske. Ein del deltakarar har vore på Bømlo Folkehøgskule før, medan det for andre vil vere ein heilt ny stad.

Bergen kommune deler deltakarane opp i ulike grupper. Gruppene har frå to til seks deltakarar, avhengig av funksjonsnivå og kor stor grad av hjelp dei treng. Gruppemedlemmene deler rom og kvar gruppe har to ferieleiarar som har det totale ansvaret for gruppa. Desse må følgje opp kvar deltakar, det vil mellom anna seie å hjelpe til med morgonstell og dusjing, aktivisere, setje grenser, kommunisere bra og gi masse omsorg. Alle deltakarane har rett til å bli behandla med respekt. Det viser vi på måten deltakarane blir tilsnakka, omtalt og behandla.

Dei to leiarane på kvar gruppe går mot kvarandre i turnus. Det vil seie at du har ei vakt kvar dag, anten dag eller kveld. Dag – og kveldsvakt er omtrent likt fordelt, der to kveldsvakter pr opphald også er sovande nattevakter. I tillegg til turnusplanen må du rekne med tid til å planleggje aktivitetar. Som gruppeleiar vil du få beskjed om spesielle medisinar, matvanar, diettar eller allergi som du må passe på og leggje til rette. Informasjon om dette vil du få av feriesjefen.

Bømlo er også ein nydeleg plass å arbeidde, der det er mogeleg med mange aktivitetar for eiga fritid og sosialt samvere med dei andre tilsette. Dei fleste tilsette bur på skulen sitt område og formar sin eigen ferie på fritida. Mellom opphalda er det også frihelger, der det er høve for å nyte sommaren på vestlandet.

Velkommen som leiar til oss på ferieopphald!

Med helsing Ann-Mai Nystad (Feriesjef)

Praktisk informasjon:

Bømlo Folkehøgskule er eit flott anlegg som ligg godt skjerma og eignar seg veldig godt til å arrangere sommarleirar og ferieopphald. Det er gode høve for aktivitetar på området både innandørs og utandørs.

Innandørs har vi gymsal, peisestove, formingsrom, bibliotek, klatrevegg, treningsrom, rom eigna for diskotek og andre opphaldsrom. Utandørs har vi eit stort sjøhus med stor og fin brygge, og robåtar har vi og tilgang til. Bømlo Folkehøgskule har fotballbane og ligg fint til i terrenget, med kort veg til både sjø og fjell.

For Bømlo Folkehøgskule er det viktig med eit godt arbeidsmiljø. Det er eit godt teikn at dei som vel å arbeide ved dei årlege leirane og ferieopphalda, ofte kjem tilbake fleire år.

Søknad:
Ønskjer du å søkje arbeid på sommarleirane for barn eller ferieopphald for vaksne, skal du sende søknaden elektronisk til magne@bomlo.fhs.no

Søknadsfrist: Innan 1. februar 2020

I søknaden må du ha med opplysningar om:

  • Namn og fødselsdato
  • Litt om deg, kvifor du ønskjer å arbeide og kva du kan tilføre i ein slik arbeidssituasjon
  • CV, med utdanning og anna arbeidserfaring
  • Telefonnummer, epostadresse og adresse

Vi vil prioritere dei som kan arbeide alle tre sommarleirane eller alle tre ferieopphalda.

Forkurs:
Både for ferieopphald for vaksne og sommarleirar for barn blir det arrangert forkurs, og alle som skal arbeide må møte på forkurs. Forkursa blir arrangert 19. til 21. juni for sommarleir og 26. til 28. juni for ferieopphald.

På forkurset planlegg vi og førebur oss, går gjennom aktivitetsplanar, turnusar, deltakarlister, samarbeidsoppgåver m.v.

Under forkurset er vi med på førstehjelpskurs. Elles får vi informasjon om reglar på Bømlo Folkehøgskule, gjennomgår brannrutinar m.v.

Alle tilsette har teieplikt i forhold til deltakarane. Dette skriv du under på i arbeidskontrakten.

Løn:
Dei som blir tilsett får fri kost og losji på skulen. I tillegg til kr 3.000 i løn for forkurs, er sommarleirar og ferieopphald  løna slik:

  • Kr 17.250 i løn pr sommarleir for barn
  • Kr 17.750 i løn pr ferieopphald

Feriepengar kjem i tillegg.

Det vil seie at bruttoløn (før feriepengar) etter tre ferieopphald med forkurs er kr 56.250.

Det blir ikkje betalt ut overtid, men dersom du går inn i turnus for tilsette som er sjuk, får du ekstra betalt for dette.

Det blir utbetalt kr 10.000,- i forskot etter første leir eller ferieopphald. NB: Sjekk at du har delt skattekort slik at vi kan hente det ned frå Altinn.

Løn med feriepengar blir utbetalt 14. august 2020.

Stadfesting på at du har arbeidd ved sommarleirar eller ferieopphald vil bli sendt om lag ein månad etter at arbeidet er avslutta.

Arbeidstid:
Arbeidet er organisert i turnus med dag-, kvelds,- og sovande nattevakter.

I tillegg til turnusvaktene er planlegging av aktivitetar inkludert i løna. Laurdag og søndag mellom dei tre leirane/ferieopphalda har du fri.

Andre forhold:
Vi tek ikkje ansvar for eventuelle feil i informasjonen og for eventuelle endringar, som til dømes at det blir færre leirar og opphald enn planlagt grunna lågare tal deltakarar.

Tilbakemelding til søkjarar:
Vi skal prøve å ha klar første tilsetjingsrunde innan 15. mars 2020.

Dei som får tilbod om arbeid får ein arbeidsavtale som dei skal sende tilbake ferdig underskriven. Arbeidsavtalen er grunnlaget for å søkje om politiattest.

Dersom de ikkje kan arbeide likevel, må de vere grei å gi melding om det så snart som mogeleg – slik at vi kan gi tilbod til andre.

Vi har i utgangspunktet ikkje høve til å sende tilbakemelding til dei vi ikkje kan tilby arbeid. Dette er vanskeleg å få til, både reint ressursmessig – men også sidan det er greitt å ha ein del i bakhand dersom nokre seier nei til tilbodet om arbeid i sommar.

Dersom de har spørsmål til sommarleirane for barn eller ferieopphald for vaksne, kan de ta kontakt med Bømlo Folkehøgskule på telefon 53 42 56 50 eller helst med rektor på e-post magne@bomlo.fhs.no

hei-bomlo-fhs

HEI Bømlo FHS

Enten du er fornøyd eller mener vi kan forbedre oss, setter vi stor pris på tilbakemeldinger om hverdagen din på Bømlo folkehøgskule! Ris eller ros, gleder eller sorger, stort eller smått: Har du noe du vil dele med oss, så send oss en melding! Tilbakemeldingen din plukkes da opp av rektor Magne, og blir brukt i arbeidet vårt for å gjøre skolen vår enda bedre.

Håper vi hører fra deg!

(Du kan velge å være anonym. Men for å gjøre det lettere for skolen å ta tak i tilbakemeldingen din, setter vi pris på om du oppgir navnet ditt.)

hei-bomlo-fhs