Tur til London 2015

E-post frå Runa, 26. mars kl 01.57:
London farvel!

Takk for ein usannsynlig hyggelig tur Amalie, Astri, Lars, Madelein, Christina, Ove, Mari, Bendik og Runa!

Helsing Runa

E-post frå Runa, 25. mars kl 01.22:
Ein dag på Foyles – 5-etasjers bokbutikk med eit enormt utvalg titlar og sjangrar OG kafé og galleri i øverste etasje er ikkje vondt!

Me har fått med oss heim både fysikk-bøker om svarte hol og ‘contemporary’ monologsamlingar for women. Nokre hadde fått billettar til Cats og kom stornøgde derfrå med kattelukt i håret.

Og ein anna gjeng fekk med seg ‘open mikrofon’ – stand-up-show på ein av London sine mange comedy-klubbar.

I morgon blir nokre av oss skikkelig turistar – dei tek busstour for å sjå Buckingham Palace og Big Ben, medan nokre av oss grip muligheten for nok ein musikal før me drar. Kva skal ein velge!

Snart over og ut frå London.

Helsing Runa

E-post frå Runa, 24. mars kl 02.23:
Mandag og fridag! Men me har ikkje sove vekk vårdagen for det:) Tre av oss var oppe med fuglane og gjorde oss klar til å stille i kø for billige billettar til Miss Saigon.

Etter litt roting og feil-gåing, fekk me 5 billettar på fremste rad – igjen og til 20 pound stykke! Makan til heldig gjeng!

Etter ein slik bragd, bar det rett til V&A (Victoria and Albert museum) kor det er utstilt klær gjennom tidene og ulike kunstindustri-produkt frå heile verda. Ei imponerande samling. I tillegg til fast-utstillingen var der ein Alexander Mcqueen-utstilling. Mykje fint å sjå!

Så tok me undergrunnen til Southwark og vandra langs Themsen til Tate Modern – eit samtidskunst-museum. Nok ein fantastisk plass å bruke fridagen – og alle muséer har fri inngang! London veit å ta vare på sine innbyggjarar.

Etterkvart møttest me på Ed’s Diner – amerikansk Diner med milkshakes, fries og burgers. Etter dette var me ein kjapp tur innom eit open-mic-sted (også gratis!) kor me fekk med oss 3 ferske artistar.

Dagen vart toppa med Miss Saigon på Prince Edward Theater – fantastisk produksjon! Så rått, brutalt og ærlig som teater nokon gongar kan bli. Dette rista oss heilt inn til margen.

Det blir meir teater på nokon i morgon, høyrer eg rykte om.. Cats, muligens.. Ein tynt lite Mjau – London♥️

Helsing Runa

E-post frå Runa, 23. mars kl 00.31:
Søndag i London town! Camden Market var plassen å vera, og me hoppa oss på undergrunnen og drog til den alternative bydelen kor det fins kilometer på kilometer med boder – duftande gatemat, kråkesølv, og krimskrams.

Fotballkamp mellom Liverpool og Manchester United var på tv, og fleire av oss fann ein plass «i sola» på engelsk fotballpub. Stemningen var upåklagelig (les: Bendik) då Man. United knuste motstandarane!

Ellers så var det nokre i gjengen som vart merka for livet, og betalte godt for seg. Her er det tydeligvis rimeleg med tatoveringar, om ein skulle ynskje å utsetje seg for slikt:) Svært fint arbeid vart utført, og nokre var meir vågale enn andre (igjen – les: Bendik).

Etterkvart drog me nokre pund lettare og skriblerier rikare tilbake til leiligheten vår, kor me avslutta kvelden med town-spotting og filosofering frå takterrassen vår.

I morgon tidleg stiller me oss i kø (les: dei spesielt musikalinteresserte) for billige billettar på fyrste rad til Miss Saigon! Tvi tvi til oss! Peace out, London.

Helsing Runa

E-post frå Runa, 22. mars kl 01.32:
For ein dag! Og for ein augeopnar å få følge ein gatekunst-spesialist rundt i byen! Her fins anonyme kunstnarar som set sitt preg på denne byen – skjønnhet, politikk, kritikk, dekor – uttrykka er like mangfoldige som augene som brått legg merke til dei når nokon berre peikar på det som heng rett framfor nasen vår.

Me har sett ein «Banksy» – som går for hundre-tusen-vis av kroner om den blir solgt (noko som eg temmelig komplisert, ettersom veggar må rivast ned.) Me har sett kunst av «the-5-km-artist» som fekk namnet sitt etter egenhendig å ha dekorert 5 km av Berlin-muren då den framleis stod.

Me har sett bestilt og lovleg gatekunst, som blir verande uten å bli mala over, og den midlertidige – ulovlige kunsten, som kanskje har ei levetid på Max 24 timar. Me har lært å lage «stensils» og prøvd oss med spraykanne (på lovleg vegg).

Så neste gong du ser ein flattrakka tyggis med eit bittelite kunstverk på, ikkje gå vidare utan å bøye deg ned og sjå om nokon vil sei deg noko.

Charlie og Sjokoladefabrikken stod på programmet til nokre av oss i ettermiddag, og den var mist like fantasifullt framstilt som du kunne drøyme-ynskje deg frå Roald Dahl si bok då du var liten. Glassheisar flyg på teater – i allefall på Drury Lane. Sov godt,

London. Camden Market i morgon, og kanskje ein taktereasse-konsert!

Helsing Runa

Melding frå Bendik, 21. mars kl 17.56:
Hei!
I dag har vi koset oss på omvisning i london med gatekunst og fått prøvd oss litt selv.

Hilsen Bendik

E-post frå Runa, 20. mars kl 19.36:
London viser seg frå si aller beste side! Til strålande sol og god temparatur vakna me i den langt-over-middels-lekre leiligheten vår.

Me føler oss som ekte londonarar, hoppar av og på bussar og undergrunn, et middag på pub og tek teen med «milk and sugar».

I dag drog me til museum of sexology og fekk med oss ein særs spennande vandre-utstilling om «Forensics» (drapsetterforskning) i tillegg til fastutstillingen. Eit opptak av Sigmund Freud si stemme, ein halv hjerne med kulehol gjennom samt tannkosten (!) til Napoeon Bonaparte (i sølv) er truleg mest kuriøse me såg i dag.

Dagen toppa seg då me VANN!!! 6 billettar til Book og Mormon!!! Musikalen som toppar alle salgstall på West End og på Broadway!

Så London er plassen å vera! Haca diga eebowai!

Helsing Runa

Tilbake til bloggen