Solididaritestdag og Matfestival

Det er med stor glede me kan stadfeste at no er Solidaritets – og matfestivalen 2015 i gong.

Denne dagen er på Bremnes laurdag 19. september.

elevane_samlas

Ein kjempeflink skokk med elevar har kasta seg over oppgåvene, og me er veldig godt i gong.

Leiarar for det heile vart Helene Olaussen og Martha Halvorsen.

kosar_seg_pa_festivalen

Det blir øvd på ansiktsmaling, eventyrskodespel, leikar blir planlagt og i det store og heile er det travle elevar som jobbar godt i saman, så dette vert bra.

vakker_kunst_prosess

Solidaritetsdagen tek sikte på å samle inn midlar til prosjekt som skulen støttar i Latin-Amerika, Afrika, Australia og Vietnam.

Dette har blitt gjort i mange år, og det er stas å levere dei innsamla midlane direkte til dei som trend dei.

Kjetil Berger Falk
Bømlo Folkehøgskule

Tilbake til bloggen