Seminar med matlinja!

Etter ein lang dag med klargjering, var det tid for laurdagsseminar med matlinja!

Det var ein innhaldsrik dag med blant anna konkurranse i pannekakesteiking og marengspisking, matquiz, kakepynting, italiensk olivenoljesmaking og restaurant der ein fekk smaka heimelaga ravioli og Tiramisu.

Alle fekk sjå filmen om matlinja på eventyr, med artige klipp frå kvardagen vår.

Det var og kokkekonkurranse, der heile 12 lag tilberedte delikate og smakfulle rettar av ein forundringskasse med råvarer som blant anna laks, sjokolade, blå konditorfarge og mykje anna rart.

Det var artig å sjå kor kreative denne gjengen er – og då alle rettane vart stilt ut, var det mange imponerande og freistande rettar å sjå!

Smak, utsjånad, konsistens og kreativitet vart vurdert, og til slutt vart det kåra ein vinnar og ein andreplass.

Dei heldige skal få servert ein god middag av matlinja seinare.

Mykje skryt til matlinja som har gjort ein flott innsats med seminaret, men og til alle elevane som har vore med og kokkelert i dag!

Takk for ein fin dag!

Helsing Eva

Tilbake til bloggen