Restaurantmiddag!

I dag laga Matlinja til ein eksklusiv restaurant for nokre heldige medelevar, som vann loddtrekking om å få vere gjester.

Det blei laga to fireretters menyar som verkeleg fall i smak blant gjestene!

Her var det blant anna kaldbakt laks med pepperrotkrem, krema soppsuppe, Biff Wellington og crème brulee.

Det såg ikkje berre lekkert ut, men smakte fantastisk og!

Kjempebra jobba av gjengen, dette er noko dei kan imponere kven som helst med!

Veldig kjekt at det blei satt så stor pris på av gjestene!

Helsing Eva

Tilbake til bloggen