Reisedagbok fra Australia 2014

17. NOVEMBER TIL 6. DESEMBER 2014:

Fredag 5. desember:
Sit på hostellet og ventar på bussen som skal ta oss til flyplassen og moderlandet.

Har hatt fine dagar i Sydney. Traska rundt, spist god mat og shoppa.

Tusen takk for ein fantastisk tur heile gjengen. Dette er minner for livet.

Helsing Heid og Majken

Torsdag 4. desember:
I dag dro nesten hele klassen på akvariet, mens fem modige sjeler hadde en annen plan!

Klokken 5 ringte alarmen og Helge, Christina, Maria, Anette og Eiril var klar for en dag utenom det vanlige.

Etter ett par timer med iskald ro, var vi fem i fritt fall fra 4200 meter. 200 km/t i 1 minutt, etterfulgt av flere minutt seilende over Sydney.

Alle fem overlevde med glans, videobevis kommer da vi ankommer Noreg om ett par dager!

Shakkabruh! G’day

Onsdag 3. desember:
I dag tok de fleste turen til Bondi beach!

En etterlengtet tur, som svarte til forventningene til tross for litt kjølig vann. Men noen av oss klarte allikevel å bli solbrent.

På stranden var det noen som prøvde seg på surfing, som endte med varierende resultat. Etter stranden var det tid for shopping og sightseeing.

Det virker som om tordenstormer forfølger oss, for i skrivende stund hører og ser vi lyn, torden og regn. Det er den femte denne turen, men vi henger ikke med hodene for det.

I morgen blir det mer shopping og sightseeing, mens de tøffeste har tenkt å prøve ut skydiving over Sydney. Tøft!

Hilsen Siri og Jorunn!

Tirsdag 2. desember:
God kveld fra Sydney.

Turen gjekk smertefritt om eg så må seie det sjølv 🙂 Kom oss fram til hostellet, fann romma og så var det tid for å utforske byen.

Nokre har sett operahuset, sett norsk båt med norske flagg! Det var stas.

Nokre har vast rundt i parkar med flaggermus store som fy, traska rundt i Darling Harbour og bare nytt kvelden.

No er det natta, før ein ny dag med nye moglegheiter står for tur.

Helsing Heid, som har fått fint bursdagskort fra alle her nede

Mandag 1. desember:
Dagen i dag har vert innhaldsrik. Vi har vore på eit galleri og museum her i Alice Springs, og avslutta formiddagen med eit besøk i ein reptil park.

Her fekk dei som ville halde slange, Thorny Devil og andre festlige Australske dyr.

Ettermiddagen var til eigen disposisjon. Nokon hang ved bassenget, andre i butikkane rundt oss.

Snart skal vi ut igjen og ete middag, før vi i morgon flyr til Sydney.

Elevane vil heller vere fleire dagar i bushen enn i byen, noko eg tar som eit sunt og godt teikn.

Helsing Heid

Søndag 30. november:
I dag (30 november) er vår siste dag på veien. Ein daffedag kan vi godt kalla den, og eg trur vi alle har hatt gått av ein slik dag.

I forgårs overnatta vi i Palm Valley. Superb plass og vi var heilt aleina. Vi køyrde offroad, noe som guidane syns var tipp toppers. Vi og! Vi hadde oss ein liten times tur og såg sjeldne palmetrer som berre veks i Palm Valley og som har vore der i millionar av år.

Vi freste vidare til campen vår og gjekk opp på ein diger stein for å sjå på solnedgangen. Vi låg på den varme steinen/berget alle saman kikka på stjernene og høyrde på Michael som spelte mandolin. Heiv opp telta då nok ein slange vart observert. He he. Men nokre var tøffare enn andre og sov i swagen.Opp tidleg og tok bilen fatt.

Vi stoppa i Hermannsburg sim var den første staden misjonærar busette seg i Northern Territory. Den vart først etablert i 1877 der Aranda-stammen levde. Vi fikk omvising i dei ulike bygga og fikk høyre om korleis det var å bu der før i tida.

Plassen minna oss utruleg mykje om byen som vart vist i filmen Rabbit Proof Fence, men i Hermannsburg vart heldigvis ingen aboriginske barn tatt frå foreldra sine. Her vart dei gøymd vekk då politiet kom, og misjonærane her hjalp aboriginerane.

Utruleg varmt i denne byen, straumen var gått og noko kaldt å drikke var ikkje å oppdrive. Men vi fikk oss skugge og sukker i kroppen. Til slutt enda vi opp i Helen Gorge. Ein liten bortgøymd campingplass. Her valde vi å overnatte, noko som viste seg å vere veldig lurt. Vi fikk bada og kjølt oss ned i eit naturleg vannhol, før det igjen braka laus med lyn, torden og regn. Vi fikk opp telta i ein fei og sprang inn i restauranten.

Her var det livemusikk heile kvelden til stoor jubel. Barry Skipsey var musikaren og han var knall flink. Vi hadde singalong, Lars Arthur, Siri og Maria hjalp til med ulike heimesnikra instrumenter til glede og latter for alle. Vi var i fleirtal for å seie det slik.

Regnet gikk over og vi rusla attende til telta for å få att skjønnhets søvnen vår.

No har vi nett bada og spist lunsj, og sette snuten retning Alice Springs. Der ventar ein felles middag (vi slepp å vaska opp!!! Wohoo)

Helsing Heid

Søndag 30. november:
I dag ( 28 november) stod vi opp halv seks, pakka sakene, såg ein dingo som rusla rundt teltplassen og ein King Brown-slange som seig forbi.

Vi åt frukost og satte kursen mot Kings Canyon. Då vi kom fram starta den 3,5 timars lange turen. Ein nydeleg tur! Hard start, men for oss nordmenn som er godt rusta med tanke på tur i skog og hei, gjekk det så det suste.

Passe varmt då vi starta, varmt då turen var ferdig. Vi fikk assosiasjonar til både preikestolen og trolltunga. Absolutt ein tur å anbefala dersom ein tar turen Down Under.

Vi fekk ein ekta Aussi-lunsj etterpå. Grilling av pølser og grillspyd, før vi igjen var så heldige å få kjøla oss ned i nok eit basseng.

Helsing Heid

Torsdag 27. november:
I dag fikk vi stå opp kl 7! Rene luksusen her nede!

Til tross for det, var det mange som sov i swags på utsiktspunktet for å få med soloppgangen over uluru! Det var helt fantastisk!

Så etter en god frokost og oppvask, dro vi videre til uluru for en ordentlig lang, interessant, lærerik og varm tur!

Vi ble først guidet rundt av Michael og Shane, der de fortalte historier ect. om stedene vi passerte.

Da guidene hadde gjort sin del, var det vår tur til å gå. 10 km rundt Uluru med utrolig vakker natur. Noen kom seg helt rundt, mens de fleste ble plukket opp ved «the waterhole»

Nå har vi akkurat blitt ferdig med lunsj- oppvask og rydding er i full gang her, down under!

Så fort vi blir ferdig bærer turen videre til neste bushcamp!

Cheers’mate!

Hilsen Majken

Onsdag 26. november:
Kveld her Down Under. Då passer det godt med litt aktivitetar. Kva passer ikkje bedre enn å testa ut ulike smakar her nede? Vips hadde Shane ei stor billa i munnen, og tjente seg ein slant. Deretter eskalerte seansen og endte med at Idar åt ein skikkelig illeluktende og stor kakerlakk for tjue dollar.

Siri knaska i seg ei svær gresshoppa for den nette sum av 50 dollar. Lars Arthur heiv seg på moroa og knaska i seg ein øyenstikker, bare for å ha gjort det. Leve vi bush livet, så leve vi bushlivet.

No er det dags for å rulla ut swagsa og få ei god natt søvn. I morgon er vi så heldige at vi skal få sova lenge. Vi skal ikkje opp før kl sju… Jadda! He he. Men vi må få mest ut av dagen, og passa oss for varmen, så då må det berre bli slik.

Tur rundt Uluru i morgon, og så farte vi vidare mot Kings Canyon. Blir spennande.

Natta fra alle oss her nede.

Onsdag 26. november:
Då var vi ferdig med turen vår i og rundt om Kata Tjuta. Mange fluer, til litt små irritasjon for noen og til stor frustrasjon for andre 🙂 Maria og Tryggve kom forberedt og hadde myggnetting på hodet. Ikkje dumt! Fantastisk å gå der.

Kata Tjuta er aboriginar-navnet og betyr mange hoder. Michael fortalde oss om korleis desse svære steinformasjonane blei til.

No har vi nett spist lunsj, klokka er 15, og no er dei fleste enten i dusjen eller i bassenget her vi skal sova i natt. Seinare skal vi på et aboriginar-senter, for så å sjå solnedgangen ved Uluru atter ein gang.

Helsing Heid

Tysdag 25. november:
Good morning!! I dag stod vi opp 4.14! Pakka i bilane og var klar for take off. Ankom leirplassen i går i fem seks tida og fikk endelig sjå Uluru!

På vegen opp har vi hatt quiz i bilane, sove, hørt på Xavier Rudd og hatt vannkrig! Godt å få kjølt seg skikkelig ned. Varmare i går.

No er klokka 5.20. Vi skal eta frukost snart og gjera oss klare for ein 3.5 timars gå tur til Kata Tjuta. Men først soloppgangen ved Uluru. Vi er spente!! Skal bli godt å få røra på kroppen i dag og.

På turen opp var noen av oss så heldige at vi fikk sjå og holde ein Thorny Devil! Kjempe fin! Michael snudde plutselig bilen, vi skjønte ingenting, han sprang ut av bilen og kom tilbake med et av mange høgdepunkt. Etter nokre bileter slapp vi den ut igjen.

Vi køyrde vidare og vips der var det ein liten Dingo som sprang øve vegen rett ved campen. Vi var i ekstase. To flotte skapningar på kort tid.

Seinare rundt bålet, samla vi oss der dei som tapte leiken, kven ser først Uluru, (som viste seg å vera FoolYouru) måtte synge ein sang foran alle. Marius prøvde å synga Ja vi elsker akkompagnert av Henrik på munnspel. Gav oss ein god latter om ikkje anna 😉 Eiril, Anette, Christina og Majken laga ein Australsk variant av så går vi rundt om en enebærbusk. Festlig!!

No sitte vi på stolane våre, ete frukost og ser på Uluru. Trøtte, men verdt det!!

Helsing Heid

Mandag 24. november:
Hei hei – ein flott dag i Coober Pedy. Vi har sett korleis dei bur under bakken. Suverent! Dei har alt der nede! Etter ein rundtur der nede kom vi oss opp og ut til Josephines Gallery.

Her fikk vi prøvd og handla dogeridoos, bilder og music sticks laga av aboriginere. I galleriet har dei og oppretta ein heim for foreldrelause kenguru babyer. Vi fikk mata dei og klappa dei. Nydelege.

No er vi på campen, i dingoland og på rette sida av gjerdet. Altså dingo sida. Shane og Michael (guidane våre) lage mat til oss på bålet. Kenguru!!!

I natt skal vi sove under open himmel. Toalettet er bushen. Noe som kan vera litt bale for oss jenter. Mye eddisar og kryp rundt omring. He he. Natta frå Australia!

Det var i går… No er klokka 06.21 og vi har pakka campen og kjørt til eit utsiktspunkt her ute i ørkenen for å sjå soloppgangen og spise frukost. Natta gjekk fint.

Det er skikkelig kaldt i dag, så det var litt hardt å krypa ut av soveposen. Blir forandring på turen nok ein gang. Vi tar og køyre til Uluru i dag. Det blir spennande!

Helsing Heid

Søndag 23. november:
God morgon! Klokka er 5.58. Telta er tatt ned, swagsen rulla inn og bilane er pakka. Det er seine kveldar og tidlege morgonar, men no er vi klare til å sette hjula i gang retning cooper pedy.

Vi skal under bakken på ein gruvetur og sjå korleis Opal gruva vert drifta. Men først frukost! Litt trøtte er vi, men humøret på topp!

Vi lager alle måltida sjølve, vasker opp og pakke inn i eskys. (Mulig det er skrevet feil..) det er i hvertfall ein stooor kjølebag pakka i is.

Snakkes neste gang vi har dekning 🙂

Helsing Heid

Søndag 23. november:
G day mate 🙂 Fancy a schrimp on te barbi? Alt vel her nede.

Vi har forandra litt på reiseruta, då ein ny storm er på vei 🙂 Vi tar det med knusende ro, og finne det særs spennande.

I går søkte vi ly på ein campingplass og overnatta i telta. Det er 40 varmegrader, og til og med vinden er varm. Deilig!! Vi fikk kjøpt oss ned i et basseng i går, etter ein flott tur i Wilpena Pound.

I dag har vi kjørt rundt i ørkenen. Fantastisk landskap. Dyr ser vi i fleng, til og med den sjeldne yellow foten rock wallaby.

No skal vi atter ein dag søke ly på ein campingplass, før ein ny og spennande dag står foran oss.

Lite dekning her, og endå mindre nett. Vi får gi ein oppdatering når vi kan. Kose oss gjør vi i allefall!!

Heid og gjengen

Torsdag 20. november:
I dag våknet vi opp til lett regn, som passet veldig bra for en formiddag på muséet.

Vi så blant annet aboriginer kunst og kultur, og australsk dyreliv.

Etter dette dro flere av oss på Adelaide Zoo for å utforske dyrene videre. Der så vi bl.a giraff, wallaby, tapir og alligatorer.

Det var veldig gøy og vi fikk ta utrolig mange fine bilder og filmer.

Deretter dro folk på litt av hvert, og en liten gjeng av oss dro på en bar hvor vi fikk høre live jazz musikk.

Vi storkoser oss!

Hilsen Siri, Agathe, Anette, Hilde, Jorunn og Kristine.

Mandag 17. november:
Endeliiiiiiig!!! Framme i Adelaide! Henta av eigaren av reiseselskapet og eine av guidane.

No sitte vi i bussane klare for ein liten sightseeing, før vi kjem til hostellet der vi skal overnatte to netter.

Reisa har gått over all forventning. Minus Tryggve sin sekk, som ikkje kom fram. Men det skal vi fiksa på!

Veldig god stemning!

Helsing Heid

Mandag 17. november:
Nett landa i Hong Kong! Skal vidare om få strakser.

Vi har det supert, og gleder oss til ti nye timar på fly.

Helsing Heid

Måndag 17. november:
Fira timar igjen til flyet går vidare til Hong Kong.

Munter gjeng. Nytte tida til å ta igjen søvn, eta og kikka rundt i taxfree butikkane.

Helsing Heid

Måndag 17. november:
Har komt oss på rett terminal (flink Henrik) og no henger vi på Heathrow.

Flyet går kl 23 norsk tid, så vi trenge ikkje stressa akkurat.

Helsing Heid

Måndag 17. november:
Komt oss trygt fram til Flesland. Litt trøtte, men spente og glade.

No skal vi sjekke inn og sette snuten mot første stopp Heathrow.

Helsing Heid

Tilbake til bloggen