Presentasjon linjelærar kjetil

Eg er 40 år, er frå Stord og har fire barn.

Av utdanning har eg historie, sosialantropologi, sosial psykologi og religionsvitenskap frå universitetet i Bergen.

Eg har vore lærar ved Bømlo Folkehøgskule sidan 2006. Tidligare arbeidde eg fleire år som lærarvikar på Bømlo og Stord.

Eg har hatt ansvar for linjeturen til Afrika sidan hausten 2006, det vil seie i åtte år. I tillegg har eg også vore reiseleiar for skuleturen til Kina i fleire år.

Mitt hovudmål for deg som elev på Bømlo FHS, er at når skuleåret er slutt, så reiser du i frå oss med eit lass av gode opplevingar. Desse opplevingane skal vere ei fin blanding av faglege og sosiale opplevingar.

Det er viktig for meg at du får kjennskap til det Afrika som eg kjenner, og som er noko anna enn det Afrika me får presentert gjennom media. Det er viktig for meg at du får minner frå det sosiale livet på skulen og frå reisene, og at du kjenner på deg sjølv at dette året, det gjorde noko positivt med deg.

Tilbake til bloggen