Presentasjon av linjelærar Heid

Eg heiter Heid Rannveig Reinsnos og er 32 år. Eg kjem frå Odda, men er busett på Stord saman med mine to born.

Eg er utdanna lærar i praktisk estetiske fag, med hovudvekt på drama, musikk, kroppsøving og kunst og handverk. I tillegg har eg mat og helse samt spesial pedagogikk.

Våren 2006 tok eg siste del av utdanninga mi i Wollongong i Australia, der eg mellom anna tok Aboriginal Art and Society.

Eg har sjølv vore elev ved Bømlo Folkehøgskule, då Olavskulen, i 2001 og 2002 på den dåverande linja kostyme og motedesign.

Eg har jobba ved Bømlo Folkehøgskule sidan 2009, vore linjelærar på redesign linja, musikal og teater linja då vi satt opp musikalen Ungen og no som linjelærar på Down Under. Tidlegare arbeidde eg som lærarvikar i Odda, på Bømlo og Stord.

Eg har hatt ansvar for og vore med på linjeturar til London, New York, Australia samt vår felles skuletur til Kina.

Helsing Heid

Tilbake til bloggen