Presentasjon av linjelærar Eva

Hei! Eg er ei dame som kjem frå Stord, der eg bur saman med mann og to flotte ungdommar.

Her på Bømlo Folkehøgskule har eg jobba sidan 2009, og stortrivst i jobben her!  Før det jobba eg i a la carte restauranter, hotellkjøkken og catering. Har og erfaring frå vidaregåande skule, der eg jobba som lærar på restaurant- og matfag.  Eg har fagbrev som kokk, og bachelor som yrkesfaglærar.

Matlaging har alltid vore ei stor interesse som etterkvart har blitt ein del av livet mitt. Andre interesser eg har er reising, friluftsliv, lesing og litt av kvart.

På Bømlo Folkehøgskule har eg funne drømmejobben, her får eg bli kjend med mange ungdommar, jobbe med matlaging og reise mykje! Tidlegare har eg hatt ansvar for skuleturar til London, Italia, Spania , Kina og Vietnam.  Eg ser fram til å oppleve India saman med DEG!

Målet mitt som lærar ved Bømlo Folkehøgskule er å gjere mitt beste for at akkurat DU skal få eit år fullt av utvikling, både fagleg og sosialt.

Eg vil prøve å skape samhald og mestringsfølelse ved å lage mat saman. Vi  skal utfordre vår kreativitet og saman skape eit minnerikt år.

Helsing Eva

Tilbake til bloggen