Presentasjon av linjelærar Bjørg

Eg heiter Bjørg Engelsen Hus og kjem frå Austevoll. No bur eg på Bømlo med mann og tre barn.

Eg byrja utdanninga mi med å gå på skreddar i Bergen og har sveinebrev i herreskreddarfaget. Deretter reiste eg til Sogndal og utdanna meg til allmennlærar med fordjuping i matematikk og kroppsøving. Vidare gjekk eg på Universitet i Bergen og tok fag som informatikk, matematikk, informasjonsvitskap og systemdynamikk. Medan eg studerte der møtte eg ein bømling som eg gifta meg med og enda slik opp på Bømlo.

Kursa eg tok ved universitetet gjorde at eg fekk jobb som programvareutviklar hos Siemens på Bømlo. Her arbeidde eg mellom anna med å utvikla PC-program som vart brukt til å testa, kalibrera og kommunisera med sensorar som står på havbotnen og målar trykk og temperatur i oljebrønnar.

Eg er svært glad i programmering. Det utfordrar dei små grå, og gjer ei god kjensle av mestring når du endeleg klarar å finne ei løysning på eit problem du har grubla mykje på.

Mine interesser utanom jobb og programmering er handarbeid, strikking, hekling, brodering, sying, nupereller, ja stort sett det meste som er tekstilrelatert. Elles likar eg å lese og å lære nye ting.

Hausten 2016 byrja eg å jobba ved Bømlo Folkehøgskule som lærar i data valfag og trivest veldig godt her.

Mitt mål for deg som elev ved Bømlo Folkehøgskule er at du skal få eit år fylt med gode opplevingar. Eit år der du utviklar deg både fagleg og sosialt. Eit år som gir deg minner for livet.

Tilbake til bloggen