PENNAT-skulen i brann!

Me har nettopp mottatt ei trist melding om at det har vore ein stor brann på marknaden «La Terminal» i Guatemala by tysdag 25. mars.

Fred og Solidaritet Latin-Amerika har i fleire år støtta og besøkt PENNAT, eit skuleprosjekt for barn som jobbar på marknaden. Delar av PENNAT-skulen blei totalskadd i brannen. Me tenkjer på barna og ungdommane på PENNAT. «For meg betyr PENNAT retten til utdanning, venskap og glede. PENNAT lærte meg at eg har rett til å vere barn, at eg har rett til utdanning, helse, liv, og rett til respekt» seier barna på PENNAT-skulen.

PENNAT har allereie bestemt seg for at dei vil bygge opp igjen klasseromma som var skadd i brannen. Me ynskjer å gjere det me kan for å hjelpe til.

Du kan støtte ved å setje inn pengar på Solidaritetskontoen til Bømlo folkehøgskole (kontonummer: 3495 21 26867). Merk innbetalinga med «PENNAT». Pengane vil gå uavkorta til PENNAT-prosjektet.

Utdanning er viktig for at barna skal kome ut av fattigdommen og oppfylle draumane sine om å bli skodespelarar, dansarar, dyrlegar og legar m.m. Hugs at saman kan me forandre verda!

Tilbake til bloggen