På besøk i Raftohuset

Me har undervisning som dreier seg om stigmatisering, det å putte folk, grupper i bås, og kva dette kan føre til. I skrivande augneblink er det gruppearbeid på forskjellige kjekke postar.

I går fekk me ei grundig innføring i korleis det er å vere student i Bergen, prosedyre for søknad og info om kva ein kan ta bachelor i ved det Samfunnsvitenskapelige fakultet.

Etter dette hadde me eit fint besøk hos den frivillige organisasjonen «Kolibri», som jobbar for å gje gatebarn i Sao Paolo, Brasil andre alternativ enn å trekke på gata.

Me kosar oss, og myser mot sola over ein blå Bergenshimmel.

Kjetil Berger Falk
Menneskerettighetsplass 1, Bergen

Tilbake til bloggen