Om skulen

ME LOKKAR FRAM DET BESTE I DEG

Ønsker du eit annleis og nyttig studieår? Bømlo Folkehøgskule har hovudfokus på miljø, kreativitet, solidaritet og fredsskapande arbeid gjennom linjer med spennande reisemål.

Me legg òg vekt på at du skal utvikla evnene dine innan kommunikasjon, konfliktløysing og samarbeid – noko som vil gi deg store fortrinn når du skal vidare i studiar og arbeidsliv. Me garanterer eit folkehøgskoleår du aldri vil gløyma!

SKULEBYGNING, INTERNAT OG SJØHUS

Forutan eit stort undervisningsbygg med rom for linje- og valfag, administrasjon og kontor, har me ei spennande løysing der elevane bur i eigne hus.

I staden for eit stort internat, bur elevane i åtte raudmalte hus med seks små og tre store rom som alle har eigne bad og toalett. I huset deler de fellesstove med kjøkken og eit vaskerom. Kvart hus har i tillegg ein eigen terrasse med utsikt over skog og sjø. Heile skuleområdet, inkludert elevhusa, har trådlaust internett.

På nedsida av internata ligg eit stort sjøhus med stor kai, båtar, kajakk og badeplass.

Du får eit godt inntrykk av skulen, internata og sjøhuset ved å sjå denne dronefilmenSjå òg panoramabilder fra skuleområdet!

SOMMARDRIFT

Forutan folkehøgskoledrift i perioden frå august til mai, er Bømlo Folkehøgskule òg arrangør av sommarleir for barn og ferieopphald for vaksne psykisk utviklingshemma frå Bergen kommune i juni og juli.

MÅLSETTING

Bømlo Folkehøgskule skal vera ein folkehøgskule der elevane skal utvikla seg og trivast, og eit år ved Bømlo Folkehøgskule skal gi elevane læring og meining.

Fred, solidaritet, kreativitet og miljø er verdiar som skal ligga til grunn for alt me gjer.

MILJØFYRTÅRN

Bømlo Folkehøgskule blei i 2015 sertifisert som Miljøfyrtårn. Det inneber at me jobbar for ei berekraftig og miljøvenleg utvikling, og me vil at både kunder og leverandører og dei som bruker skolen skal ha tilsvarande fokus.

KOMMUNIKASJON

Det er fleire måtar å komma seg til og frå Bømlo på. Det går hurtigbåt mellom Bømlo og Bergen, som òg stoppar ved Bergen Lufthavn Flesland. 40 minutt frå skulen ligg Stord Lufthamn, som har rutefly mellom Oslo og Stord Kystbussen mellom Bergen og Stavanger stoppar på Føyno – som har bussforbindelse til skulen

KART

Her kan du sjå kor Bømlo Folkehøgskule ligg, midt mellom Stavanger og Bergen.