Fornying av uteområdet

I den siste tida har vaktmeister jobba mykje med uteområdet til skulen.

Det er lenge sidan det er fylt på med jord, og store steinar som stakk opp gjorde plenklipping til ein risikosport.

No har vi fått tilkøyrt fleire semitrailerlass med jord, det er planert ut og sådd i.

Saman med elevane på valfaget «Aktiv ute» er det også satt opp gjerde til sauene.

Vi ser fram til det blir skikkeleg grønt og fint!

Tilbake til bloggen