Fokus på Latin-Amerika!

Me høyrer altfor lite om Latin-Amerika i norske media.

Difor tok elevane ved Fred og Solidaritet Latin-Amerika saka i eigne hender, og laga ei ekstra nyhetssending frå Latin-Amerika. Elevane fekk velje saker som dei er spesielt interesserte i.

Denne veka har elevane sett seg inn i sakene, tenkt kreativt, spelt roller og laga nyhetsreportasjar om retten til abort i Latin-Amerika, om kvinner og urfolk sine rettar og om narkokrigen i Mexico.

Resultatet vart kjempebra, og me har hatt ei morsom og lærerik veke!

Tilbake til bloggen