Fokus: Latin-Amerika

Korfor høyrer me så sjeldan om Latin-Amerika i nyheitene? Latin-Amerika er prega av enorme skilnader mellom fattig og rik, og det er store motsetningar mellom oljeutvinning og miljøvern. Latin-Amerika er òg eit kontinent fylt med håp og tru på ei betre framtid.

På denne linja lærer me om Latin-Amerika, om resten av verda, om menneskerettane, bistand, miljøspørsmål, rettferd, fred, solidaritet og mykje meir. Masse kan lærast på skulen, men noko må berre opplevast. På linjeturen til Ecuador og Colombia vert du kjend med Latin-Amerikas fantastiske mangfald. Det me ser og opplever kjem til å vekka engasjementet vårt for alltid. Menneske frå ulike kulturar vil merka deg for resten av livet. Sorg, glede, overraskingar, stadfestingar, minne for livet.

Haustsemesteret

I haustsemesteret førebur me oss til linjetur, både fagleg og praktisk. Me set oss inn i latinamerikansk historie og samfunn, me reflekterer over kven me er, planlegg tur, snakkar om kva som ventar oss, og kva som er forventa av oss. Me set oss godt inn i historie, kultur og den politiske og økonomiske situasjonen i Ecuador og Colombia. Særleg jobbar me mykje med tema knytt til den colombianske borgarkrigen og fredsforhandlingane.

Om hausten arrangerer skulen ein innsamlingsaksjon til prosjekta som me støttar rundt omkring i verda, og på linjeturen ser du korleis stønaden til lokale og internasjonale organisasjonar kan gjere kvardagen litt betre for nokon. Det er flott å sjå at det nyttar!

Linjetur til Latin-Amerika

Ecuador er eit utruleg mangfaldig land, som er lett å reisa rundt i. Få andre stader i verda kan ein oppleva både snødekte vulkanar og tropisk tåkeskog på ein og same dag. Eller sjå gamle byggverk frå kolonitida den eine dagen, for så å besøka urbefolkninga djupt inne i Amazonas den neste.

I Ecuadors hovudstad, Quito, får du bu hos ein ecuadoriansk familie medan du studerer på ein av dei beste språkskulane i landet. Me besøker urbefolkninga i eit jordbrukssamfunn høgt oppe i Andesfjella, og deltek både i jordbruk og som lærarar på den lokale skulen. Me vil besøka Sør-Amerikas største handarbeidsmarknad i Otavalo. Du vil òg få reisa til ein avsidesliggande landsby djupt inne i Amazonas, der lokalsamfunnet brukar kunnskapen sin om fauna, flora og tradisjonelle jaktteknikkar til å kunna leva av det naturen gir.

Eit høgdepunkt på turen vil definitivt vera å besøka Kichwa-befolkninga i Amazonas, der du vil få utforska Amazonas gjennom auga til lokale bønder og fiskarar. Du får sjå korleis dei bur, kva dei lever av, og du kjem til å sjå med eigne auge korleis lokalsamfunna forsøker å beskytta regnskogen mot øydeleggande oljeutvinning. Dette er ein unik sjanse til å komma tett på lokalsamfunnet og deira kampar og sigrar. Dei fortener å bli sett og høyrde, og me kan gi dei ei stemme.

Deretter drar me til Colombia, med sitt unike kulturliv, heftige rytmar, fargar og gjestfridom. Samstundes er Colombia sterkt prega av ein langvarig borgarkrig, narkotikahandel og store skilnader mellom fattig og rik.

Me skal til hovudstaden Bogotá, der me lærer om borgarkrigen og fredsforhandlingane, og besøker den norske ambassaden, menneskerettsforkjemparar og tidlegare geriljasoldatar.

Deretter får me sett med eigne auge korleis Medellín har gått frå å vera ein av verdas farlegaste byar, prega av narkobaronen Pablo Escobar, til å bli ein moderne, velutvikla storby. I Medellín skal me òg utforska gatekunst, dansa salsa og besøka ein kaffefinca. Dei siste dagane i Colombia oppheld me oss på den karibiske kysten og i Cartagena. Her får me bli kjent med den afro-colombianske kulturen.

Me ønsker å vera ansvarlege turistar, og støtta den delen av turistnæringa som vil hjelpa lokalsamfunn og ta vare på miljøet og lokal kultur.

Linjetur på fire til fem veker til Latin-Amerika kostar ca. 35 000 kroner.

Kostnader til vaksine kjem i tillegg.

Vårsemesteret

Gjennom opplevingane frå turen og det me gjer i undervisninga, blir me kjende med engasjementet vårt, og lærer om korleis me kan endre verda.

Det finst mange andre måtar å engasjera seg på enn berre å gi pengar. Kanskje vil klassen arrangera ein aksjon for ei sak de er engasjerte i? Det er i så fall ingenting som står i vegen for det! Me lærer om Latin-Amerika, men me lærer òg mykje om korleis heile verda fungerer. Kva meiner ein med skilnaden mellom Nord og Sør? Korleis arbeider FN og andre organisasjonar?

Me lærer om menneskerettar, kampen om ressursane, miljø, klima, urfolk og kvinnerettar, og me diskuterer samfunnsaktuelle tema. Mykje av stoffet me arbeider med, presenterer me for resten av skulen og anna publikum. Me lærer om Nepal før skulen drar dit på tur, og i april arrangerer elevane ved skulen ein fredsfestival.

Innhaldet i linjefaga er ope for forslag frå klassen. Saman skal me gjera dette året til eit fantastisk år, fullt av opplevingar, minne, lærdom, vennskap og engasjement!

På Fokus: Latin-Amerika er det en fordel at du likar å ta ansvar, er initiativrik, er interessert i verda og har eit hovud fullt av kritiske spørsmål.

Pakkeliste

Dette bør du ha med deg til Ecuador og Colombia.