Down under: Australia

Denne linja vil fokusera på urbefolkninga i Australia og landet generelt. Me skal «reisa» tilbake i tid og sjå på korleis aboriginane og maoriane meinte verda blei til, korleis dei levde og korleis dei lever i dag.

I tillegg til dette samanliknar me urbefolkningar generelt, og tar for oss vår eiga urbefolkning – samane. Me ser på forskjellar og fellestrekk, kunst og musikk. Har dei blitt integrerte eller assimilerte? Kva kan me læra av historia og dra nytte av i dag? Undervisninga blir både teoretisk og praktisk.

HAUSTSEMESTERET

Me gjer oss først kjende med landa og urbefolkninga. Me startar med «the creation time», som ifølgje aboriginane er sjølve begynninga av alt liv på jorda. Sjeler steig opp av jorda og danna det me har rundt oss i dag av elvar, fjell osv.

Korleis levde urbefolkninga fram til James Cook kom til landet i 1770, og Australia blei «teke» av England. Kva skjedde så vidare med befolkninga som allereie levde i Australia? Kva meiner ein med «the stolen generation»? Kvar kom maoriane frå? Kva levde dei av, og blei dei behandla annleis då James Cook også gjekk i land på New Zealand?

Vi førebur oss på turen DOWN UNDER!

LINJETUR TIL AUSTRALIA

Tre vekers studietur med ei reise inn i hjarta av Australia. Me startar i Adelaide og køyrer inn i Northern Territory og Alice Springs. Me søv under open himmel, lagar middag på bålet og besøker stader med stor betydning for aboriginane, mellom anna Uluru – aboriginane sin heilage stein.

Me avsluttar reisa med by- og strandliv i Sydney.

Linjeturen til Australia kostar ca. 36 000 kroner.

VÅRSEMESTERET

Me tar med oss erfaringane me har gjort oss på turen inn i klasserommet, og ser på korleis urbefolkninga lever i dag.

Kanskje me kan laga vår eiga kunstutstilling om urbefolkninga, ved å ta i bruk materiale dei har brukt og framleis brukar?

Ved linja Down under er det Lise Skarsbø Bordvik som er lærar. Ho er utdanna lektor med master i engelsk, har historie som undervisningsfag, og har studert i Australia.

Pakkeliste

Dette bør du ha med deg til Australia.