Digital Workshop : California

Høstsemesteret

Me lærer basisen innan fleire felt, frå apputvikling, 3D-modellering, animasjon, programmering og webdesign, til å bygga dataspel i ulike skalaer. Du får ein smakebit av alt for å kunna fordjupa deg i eitt felt i slutten av året. Me arbeider i team med konsept, design og produksjon av eigne produkt innan våre respektive interessefelt. Programvarer som Unity 3D og Autodesk Maya blir dei viktigaste byggeklossane for raskt å laga grunnlag for appar, animasjonar, interaksjon og spel.

Det blir hovudsakleg praktisk arbeid på denne linja, men me går også inn på korleis teknologi har forandra måten me lever og kommuniserer på. Korleis har dette enorme spranget påverka oss og kor er me på veg? Her blir det rom for diskusjon rundt relevante tema som etikk, kommunikasjon og berekraft. Innimellom jobbar me med innhaldet på linjeturen.

Linjetur til California

California, USA. Første stopp er Silicon Valley, San Francisco. Her har mykje av dagens informasjonssamfunn sitt utspring, og her ligg mange leiande amerikanske IT-selskap, som Google, Apple, Facebook og HP – samt ei rekke store spelselskap. Me prøver å få innpass i desse teknologimiljøa, med besøk hos både større og mindre aktørar. Kva er historia deira, og kor trur dei vegen går vidare?

Det blir naturlegvis eit besøk på The Tech Museum of Innovation, som byr på interaktive utstillingar om alt frå robotar til genspleising. Eitt av verdas aller beste universitet innan computer science, Stanford University, ligg i Silicon Valley og er òg vel verdt eit besøk. På sida av det fagleg relevante, kan San Francisco også freista med fornøyelsesparkar, komiklubber, konserthallar, teater og omvising på den legendariske fengselsøya Alcatraz.

Videre på veg mot Los Angeles tar me ein analog pause og stopper i Big Sur, eit landskap med gigantiske redwoodtre, klippar, ope hav, fjell og surfevennlege strender.

I LA er me ein dag i fornøyelsesparken Universal Studios, som husar attraksjonar frå film- og serieverder som Jurassic Park, Harry Potter og The Walking Dead. Englane sin by er òg base for ei rekke store og små spelselskap og nettsamfunn, blant anna Activision, Riot og Dice, og me ønsker å besøka fleire av desse kreative og innovative miljø. LA byr i tillegg på moglegheiter for kjendis-spotting i Hollywood og attraksjonar som Hollywood Walk of Fame, Venice Beach, Santa Monica Pier og mykje, mykje meir.

Turen til California vil koste ca. 28 000 kroner.

Vårsemesteret

Me deltar på Global Game Jam 2020 i Bergen, der me lagar dataspel i lynfart i fellesskap med andre.

Siste del av skuleåret vil me fordjupa oss i eit prosjekt. Du vel sjølv kva plattform du vil jobba på, og kva målet med oppgåva er. Her er det mogleg å jobba med reelle organisasjonar og å starta elevbedrift – om prosjektet passar for det.

VIKTIG INFORMASJON OM UTSTYR

Ta med din egen pc. Me anbefaler berbar maskin. Pc-en skal kunna tåla litt tyngre maskinvare, så han bør ikkje vera eldre enn tre år. Du vil bruka maskinen til nesten alle arbeidsoppgåver gjennom hele året, så det er lurt å ha ein god maskin. Du må også ta med deg ein skjerm, tastatur og mus.

Dersom du vel å bruka stasjonær pc, treng du to skjermar. Det er òg lurt å ta med nødvendig tilleggsutstyr som headset og ekstern harddisk.

Pakkeliste

Dette bør du ha med deg til California.