Demokratibudstikka er her!

Demokratibudstikka er no komen til Bømlo Folkehøgskule.

I ettermiddag reiste elevar og Arild med skøyta Havleik til Håvik, der dei møtte elevar frå Sunnhordland folkehøgskule.

I tillegg til Sunnhordland folkehøgskule, har denne budstikka også vore på Voss og Hardanger.

Neste stopp for budstikka er Karmøy folkehøgskule, etter at vi har hatt ein dag med fokus på demokrati i morgon.

Det er totalt fem slike demokratibudstikker som reiser rundt til dei 77 folkehøgskulane i Noreg.

Budstikka er ei markering i samband med at det er 200 år sidan vi fekk Grunnlova vår, og 150 år sidan den første folkehøgskulen vart starta i Noreg.

Du kan lese meir om demokratibudstikka her.

Tilbake til bloggen