Dagbok fra studietur – Afrika 2014

1. NOVEMBER TIL 5. DESEMBER 2014:

Onsdag 3. desember:
No har me vore i paradis i ein 5-6 dagar, og det er alle tiders, som å leve i eit postkort. Kvite strender, svømme ein liten meter i frå delfinar, snorkle og dykke som om det skulle vore i eit akvarium, kronglete og spennande Stone Town, litt solbrente skrottar og deilige dagar.

Dette er ein fin plass å la inntrykka få sige inn, sortere litt i følelsar og tankar. Turen endar her, reint fysisk, men den vil nok fortsette etter me kjem heim, i hjarte og sinn. Det har vore ein fantastisk gjeng å reise på tur med, og eg sluttar aldri å lære ting på tur eg heller, og det er mykje takka vere nydelege elevane mine.

Evig takk for turen Emilie, Linn, Lars, Sara, Robin, Susanne Stratisfaction, Marthe, Susanne Ausie, Berit, Madelen, Helle, Aurora, Julie, Caroline, Vilde, Bjørnar, Ann-Kristin, Nina, Ida Marie, Einar, Christine, Rigmor, Martine, Siri, Astrid og dei superflinke assistentane Nina og Malene!

Onsdag 26. november:
Då me var på safari i Masai Mara, så fekk me sjansen til å overnatte hos Masaistammen. Det var som å reise i tidsmaskin, bakover i tid. Dei bur i manyattaer, som er små landsbyar der dei bygger hyttene sine i ein sirkel rundt eit stort fellesområde i midten.

Her er det heile tida ein bøling med kveg, skokk med geiter, hundar og høns. Dei er ikkje pottetrente nokon av dei, så det er møkk over det heile. Når det først ligg der, så kan det jo like godt brukast til noko vettug, så dei bygger husa sine av kumøkk. Når det tørkar, så er det rett og slett praktisk, og det står seg ei god stund. Dei har ikkje pipe eller noko praktisk løysing for å sleppe ut røyken når dei brenn bål inne, og dette var eit problem for oss som ikkje er vant med inne-på-golvet-open-flamme-opplegg. Sengene var av pinnar med kuskinn oppå, men det det gjekk fint å sove på.

Me blei henta etter mørkets frambrot av nokre masaier. Me kom fram, fyrte opp bål midt på plassen, og dei starta med tradisjonell masaidans. Dette er rett og slett unikt. Dei har suggerande lydar og bevegelsar, og dei framstår som uovervinnelege og fryktlause. Ei mektig oppleving.

Me fekk smake på tradisjonelt masaiøl (jøss, det var ikkje verst), så gjekk me til vertsfamiliane. Her fekk me stilt nysgjerrigheten vedrørande tradisjonane deira. Mykje er bra, noko ikkje. Det er vanskeleg å skjøne meininga bak omskjæring av jenter (på verste vis) og ekteskap i ung alder. Dette er så uendeleg fjernt i frå livet slik me kjenner det. Umogleg å skjønne.

Lars blei med ein masaikrigar utføre manyattaen, og såg hyenene som sikla på geitene som bur inne i manyattaen. Den sprøaste opplevinga fekk vel Berit og Aurora. Dei blei fulgt ut på grunn av nevnte røykproblem i hytta for å trekke pusten, og kikke på stjernene. Då peikar masaikrigaren som fulgte dei, og ikkje langt unna ligg det intet mindre enn ei løve. Makan til oppleving! Masaikrigarane er veldig trygge rundt ville dyr, og stressar lite i møte med dei. Det heile gjekk fint, Aurora og Berit er her med oss i skrivande stund

Dagen etterpå var det mange trøytte, men glade elevar. Ei stor oppleving.

Me åt frukost i campen, så fekk fekk me ta del i litt daglege aktivitetar som å hente vatn, gå ut til kveget som beita oppe i fjellsida. Fleire fekk kledd på seg fullt Masaiutsyr, med sverd, spyd og klubbe. Me måtte vere godt bevæpna tilfelle rovdyr.

På kvelden vart det på ny dans. Me heiv oss med. Artig. Nokre av oss tok ei natt nr. 2 i landsbyen. Dagen etterpå, på veg til frukost i safaricampen, så såg me spor etter elefantar som hadde tråkka rett utføre campen. Fascinerande.

Etterkvart så tok me vegen fatt til Nairobi att, til vårt kjære kloster. I morgon blir det gjensyn med barneheimen, det vert fint.

Kjetil Berger Falk, Afrika

Onsdag 26. november:
Etter en natt på hotell i Kisumu ble vi hentet av fem safaribiler som tok oss til campen vår i Masai Mara. Jeg skal love deg at det var jubel blant elevene når vi endelig sendte den gamle bussen uten antydning til støtdemping tilbake til Uganda og tok plass i romslige safaribiler med plass til beina og med muligheter for å endre sittestilling. Små gleder!

Vi ankom campen søndagskveld den 23.11 uten såre romper og klare for litt spenning på safari og hos Masaiene. Etter en god natts søvn sto vi opp før hanen gol og gjorde oss klare. Med kameraer rundt halsen og blikket skjerpet var det eneste som manglet sokker i sandalene, kakigrønne shorts og beige safarihatt før vi hadde den ekte safaristilen.

Masai Mara er den største nasjonalparken i Kenya og er kjent for «The big five». Disse fem er løve, elefant, bøffel, leopard og nesehorn. Leoparden er veldig sky, og i hele Masai Mara finnes det bare ni nesehorn, så vi torde ikke håpe for mye på å få se de.

Mens vi kjørte rundt på savannen så vi solen stå opp på himmelen og det var rimelig kult å være omringet av zebraer, antiloper, bøfler og giraffer samtidig.

Vi spiste deilig lunsj i det fri på savannen under stekende sol. Afrika viste frem sitt rike dyreliv og vi hadde kjørt rundt i flere timer da sjåførene plutselig tråkket gassen i bånn og kjørte av gårde på den humpete veien i en forrykende fart. Med skrekkblandet fryd stod vi i luken i taket, med vinden i håret og latterkrampe uten å egentlig ane hva som skjedde. Da de endelig sakket ned farten skjønte vi hvorfor de hadde hatt det så travelt; rett fremfor oss gikk det nemlig et ensomt nesehorn. Alle var heeeeelt stille og spenningen var til å ta og føle på.

For et mektig dyr! Noen av alle de dyrene vi så var: geopard, flodhest, løver, elefant, giraff, gnu, bøffel, hyene, nesehorn, surikatt, ulike typer antiloper og mange, mange fler.

Etter endt dag manglet kun leoparden for å ha sett «The big five». Men de to assistentlærerne var meget fornøyde da de kun manglet nesehorn og nå endelig hadde sett alle fem! Litt ekstra action ble det også helt på tampen da vi fikk se et løvepar kose seg i sengehalmen. Mange sier dette var høydepunktet på hele safarien, men dette er det litt uenigheter i gruppen om. Hehe.

Lars, Helle og Robin konkluderer med at det var en awesome, opplevelsesrik og fascinerende dag hvor det var ekstra fint å få se dyrene i deres naturlige habitat.

Hilsen fra Malene

Lørdag 22. november:
Etter Kampala, så reiste me 7 timar nordover til byen Gulu. Gjennom media er byen mest kjent som byen der Joseph Kony og opprørsstyrkene hans angrep landsbyar og stjal born som vart barnesoldatar eller barnebruder.

Me tok inn på «hotell», der me vart møtt av ein sabla stor bøling grashopparar (dette vart takla på litt ulike måtar). Me fekk oss ein deilig pizzamiddag på Sankofa, italiensk eigar er lik god pizza.

Dagen etter så starta me roleg, og mange gjekk ut for å oppdage byen og folka. Gulu er ein vakker plass. Folka er så harmoniske, akkurat passeleg travle og smilande. Det er ikkje lett å skjøne at desse folka er dei som levde i frykt og borgerkrig for nokre år sida.

Etter lunsj besøkte me ein amerikansk organisasjon som tilsett kvinner som lagar smykker. Dei sender så produkta til USA, og får mykje betre betalt enn om dei skulle solgt dei på det lokale markedet. Prosjektet har mykje bra ved seg, og det var veldig lærerikt.

Litt seint kom Nina G og Martine, for dei hadde vore med ut på landsbygda, ved eit fort med utsikt til Sør-Sudan, innom ein vakker landsby, med vakre folk, men så punkterte dei, så kom regnet, så gjekk klokka, men så kom dei, smilande, våte, men med nye minner.

Etterpå regna det vidare, og gatene vart til elver, men mange fann vegen ut til kafeen Iron Donkey, som blir drevet av ein amerikansk Steve Jobs look-alike, til deilig kaffe og gode kaker.

Dagen etterpå så besøkte me Child Care Uganda. Dette er eit veldig flott prosjekt som har meir enn eit jern i ilden. Dei har to helsestasjonar, og me besøkte den eine, og fekk oss ei fin og sterk oppleving. Det er så mange unødige dødsfall og andre tunge skjebnar i nord-Uganda. Born døyr av malaria, diaré, tuberkulose og meir, og oppi dette ligg Karin Children Medical Centre som ein liten, viktig oase.

Etter å sett malariasjuke born og skjønt kor viktig denne klinikken er, så samla elevane inn ein raus sum som skal gå til familiar som ikkje har råd til malariamedisin.

Etter dette reiste me langt ut på landsbygda. Det er så utruleg vakkert, så «picture Africa». Me kom til nokre typiske hytter av jord og leire med stråtak. Her blei me tatt i mot av sprudlande, dansende damar som klemte oss med ekte kjærleik. Landsbyen er samlingsplass for tidlegare barnesoldatar og barnebruder. Her møtes dei for å danse. Dette er deira rehabilitering.

Me satte oss ned, dansen byrja og det flomma over av glede, energi, sjel og utrykk. Personleg så var det veldig sterkt. Dei er utestengt av samfunnet, blir spotta for si historie, og har inga utdanning. Dei har tapt på alle frontar i livet, ufrivillig, men her er dei saman med andre i same situasjon. Her lar dei det flaume over i dans og tromming. Det var intenst og utruleg vakkert, sterkt og befriande.

Seinare så delte fleire av dei historiar med oss, og sjølv om dei ikkje orka å snakke om konkrete hendingar, så var det sterkt. Dette vart ein dag til ettertanke.

No er me på veg til grensa. Bussen er trang, men me humpar avgårde på raud afrikajord mot Kisumu.

Kjetil Berger Falk, Lira, ein plass i Uganda

Lørdag 22. november:
Etter en usedvanlig grei grenseovergang fra Kenya til Uganda gjennom byen Busia, fikk vi lastet bagasjen fra den ene bussen til den andre. Så la vi i vei mot Jinja og Adrift Basecamp til noen dager med max avslapning blandet med tidenes adrenalinkick. Vel fremme og med utsikt over Nilen og bungeetårnet, slang vi oss ned i sofaene og hev i oss himmelsk pizza etter mange uker med mye afrikansk buffet.

De neste dagene bega vi oss ut på aktiviteter som quadbiking og hesteridning langs Nilen, og elevene sprengte egne grenser idet de hoppet strikk i 44m fritt fall eller fikk svelge Nilvann da båten flippet i et av verdens beste white water raftingsteder.

Med ny energi og god stemning, gikk turen videre til Ugandas hovedstad Kampala. Her fikk vi besøke den norske ambassaden, stilt gode spørsmål og lært om Uganda og norsk samarbeid, samt hevet oss på bodaboda og utforsket byen.

Noen dro downtown og prutet på markeder, mens andre trasket rundt på high life senter.

På kvelden samlet vi oss til middag på hostellet som ligger på Kampalas åsside med nydelig utsikt over byen. Etter en god natts søvn var vi klare for å bevege oss nordover mot landsbygda, og byen Gulu.

Hilsen Nina

Fredag 14. november:
Etter overnattingane hos Kikuyuane, så bar det mot vest. Me køyrde kl.06, og brukte 13 timar for å komme oss til Luoane, den tredje største stammen i Kenya, og tradisjonelt sett politiske opponentar til Kikuyu. Her kom me til ARO-senteret, og blei tatt i mot med dans, song og kjærleik. For meg er dette min heim i Afrika.

Me har besøkt den heilagaste plassen til Luoane, vore på båttur til i Victoriasjøen og me har vore på besøk/overnatting hos vertsfamiliar som lever mykje likt det tradisjonelle livet dei alltid har gjort.

I dag tidleg slakta Nina G og Julie ei geit kvar som me skal ete i kveld, for då vert det fest, dans og song.

Akkurat no så er me på veg for å besøke bestemor til Barack Obama, det vert stas.

Me har det bra! I morgon så reiser me mot nye horisontar, Jinja i Uganda. Her skal me utfordre oss sjølv på mange vis. Det vert spanande.

Kjetil Berger Falk i frå sin afrikanske heim ved Lake Victoria

Onsdag 12. november:
Etter et par netter hos Kikuyoane, har vi nå plassert rumpene godt i buss-setene og er klare for en 12-18 timers busstur. Med African time vet man aldri når man kommer fram, så det er bare å smøre seg med tålmodighet. Men med egg og bacon i magen er stemningen god selv nå kl 6 på morgenkvisten.

Da vi for noen dager siden kom fram til Kikuyoane i nærheten av byen Karatina, ble vi delt opp i grupper og tatt med hjem til vertsfamilier. Her fikk vi delta i hverdagsaktiviteter som melking av ku og levering av melken, mating av dyrene, matlaging over åpen ild, oppvask eller kanskje slakting av en høne til middag.

Vi fikk snakket mye med vertsfamiliene, og diskutert og stilt spørsmål om alt fra tribalismen i Kenya, til homofili eller likestilling til prat om kulturforskjeller.

Etter et par skolebesøk med treplanting, og en tur oppover de bølgende åsene svøpt i et teppe av lysende, grønne teplanter ved foten av Mt. Kenya, kom vi fram til en helsestasjon. I

ly av kraftig regnvær hvor Afrika stopper helt opp, fikk vi innføring i arbeidet deres. På kvelden samlet vi oss til bonfire med de lokale, hvor tøffe Lars og Malene slaktet hver sin sau som vi grillet og delte utover kvelden over et par øl.

Klassen har hatt det kjempefint disse dagene, og kjent på det å presse sine egne grenser. Etter et koselig besøk hos George sin familie (hvor alle måtte hjelpe til med å dra bussen opp av en grop) og selvsagt et par til skolebesøk med obligatorisk treplanting, går etappen videre.

Vi har det godt når denne gjengen er samlet på tur!

Hilsen Nina

Søndag 9. november:
Dette har virkelig vært en dag med mange sterke inntrykk og opplevelser.

Vi har besøkt Maisha Memas skoleprosjekt i Soweto slummen, som er en av mange slummer i Kenya. Det bor 80 000 mennesker i denne slummen og det er en hverdag så langt vekk fra vår at det kan være vanskelig å ta inn over seg. Det kan være tøft å se, men det er også veldig viktig å ta del i den hverdagen som så mange mennesker lever i.

Vi delte oss inn i mindre grupper og fulgte med 5 elever fra Maisha Mema-prosjektet til deres hjem. Der møtte vi deres mødre og søsken som velvillig tok imot oss.

Vi hadde med oss tolk og fikk spørre om alt mellom himmel og jord. Så utrolig utrolig lærerikt!!

Etter besøkene fikk vi presentert et forrykende show av elevene på skolen. Bømlos elever ble også sparket opp på scenen og sjarmerte alle med «Nissen på låven» og «Gikk en tur på stien». For en flott gjeng vi har med oss på tur!!

25 slitne, men lykkelige elever hilser til kalde Norge. Etter at vi har tenkt noen tanker og snakket litt sammen om dagens opplevelser kommer vi nok til å sove som steiner alle sammen, vel vitende om hvor utrolig heldige vi er som kan legge oss i en varm og trygg seng

Fredag 7. november:
På onsdag hadde me ein veldig variert dag. Me starta med å besøke baby-elefantene ved Sheldrick Elephant Orphanage.

Søte smårollingar som ikkje hadde levd, hadde det ikkje vore for senterets innsats.

Deretter gjekk turen til Nairobi sitt stamme og kultursenter. Her fekk me innblikk i mange av dei 42 stammane som er i Kenya, sin kultur. Korleis dei bygde landsbyene sine, og fascinerande stammedansar. Høgdepunktet blei når Linn og Bjørnar måtte opp å danse med dei. Det var eit bra syn.

Etter dette reiste me til Kiberaslummen og tilbrakte ein liten time der. Kloakk, lukter, boss, fattigdom. Oppi dette, smilande born. «How are you? How are you?» Me high five’et, og møtte smilande barnemunnar. Kvifor smiler dei, er det lett å tenke.

Borna har enno håp, og dei har leik, difor smiler dei. Dei eldre var tyngre i augo, meir uttrykkslause. Håpet og leiken har forsvunne frå augo deira. 1 mill bur det i Kibera, i boss, kloakk og ein kvardag som for mange handlar om å overleve.

Kjetil Berger Falk, Nairobi

Tysdag 4. november:
Då har me hatt to heile dagar her i Nairobi. Inntrykka ramlar inn over oss heile tida. Folk som legg seg til å sove i veikanten, trafikken, luktene, maset, dyra som ruslar i grøftekanten, smilande kenyanarar. Det er så annleis enn vår norske kvardag.

I går var me på eit giraffsenter. Makan til vakre dyr. Å ta på dei, mate dei…eksotisk og spennande. Nokon av oss fekk til og med halde små krokodilleungar! Me tok det ellers roleg. Handla inn nødvendige ting (og unødvendige).

I dag reiste me ut av byen og til ein tefarm. Her traff me herlege Fiona, ei britisk dame som har levd heile livet i Kenya, og som har arva farmen etter sin bestefar. Skikkeleg kolonistil. Me gjekk igjennom prosessen frå tebusk til te i koppen. Noko solbrent hud kom også til syne etterkvart.

Etterpå køyrde me til masaimarked for å handle litt. Me er kvite, ergo me er pengar. Dei er heilt utruleg pågåande, og prøver alle triks i boka for å selge oss det dei har. Me fekk teste ut prute-egenskapane våre, og fekk etterkvart mykje nye, fine ting å putte i sekken vår.

Me har det så bra, me kosar oss og er glade og gira.

Kjetil Berger Falk, Nairobi

Søndag 2. november:
Amsterdam! 22 jenter, Victorias Secret. Treng ikkje seie meir enn at det er svært få ved gaten til Nairobi nett no. Men null stress, me har tid til både kaffe, bok og Victorias Secret.

Kjetil Berger Falk, Schiphol

Søndag 2. november:
Me har starta vår reise mot evige augneblink! Me er overtrøytte, gira, vanleg trøytte, i hundre, ikkje forstått heilt kva som skjer, men me er på Flesland. Klar for take off. Me er i saman, og me har det så fint saman med somarfuglane i magen vår.

Kjetil Berger Falk, Flesland

Tilbake til bloggen