Afrikalinja siste vekene

Me reiste rett i frå ein vinterferie, der me sakna skulelivet så inn i hampen, til vestlandets hovudstad, Bergen. Her møtte me samfunnsvitskapleg institutt ved universitetet i Bergen. Dei gav oss nyttig informasjon om utdanninga dei tilbyr. Veldig bra!

Etter dette reiste me til Raftostiftelsen og hadde eit kjempebra opplegg der med fokus på på menneskerettar. Elevane var veldig engasjerte, og fekk i høgste grad utbytte av eit svært godt gjennomført opplegg.

Me stakk til Peppes pizza etterpå, kosa oss litt travelt («Travelkosing er kos det også, berre skvisa inn i eit kortare tidsperspektiv» – sitat Julie).

Det er framleis utruleg kjekt å vere på tur med dei flinke, gode elevane mine, det registrerte eg i alle fall.

Etter Bergensturen hadde me fokus på ein ting, og det var å levere eit vanvitig bra laurdagsseminar til medelevane den kommande laurdagen. Me jobba, terpa, øvde, framførte og lagde Afrikamat. Ein fin bi effekt var at me reiste på eit vis tilbake til Afrika under denne prosessen. Minna og fine historier kom fram og opp i dagen. Veldig fint. Som Sara sa det: «Å reise tilbake til aust-Afrika i hovudet og i hjarta mitt slik me gjorde no, det var som balsam for sjela mi».

Laurdagsseminaret gjekk heilt strålande, og det var så stas å få dele turen vår med medelevane. Det vil aldri heilt la seg forklare, beskrive, korleis me hadde det, men me sette ord på det, og medelevane gav veldig gode tilbakemeldingar. Kjekt!

Turen, samhaldet, opplevingane, store stunder, små stunder, det må berre opplevast for å skjønne magien i det, men som sagt, veldig fint å dele!

Kjetil Berger Falk, Bømlo Folkehøgskule

Tilbake til bloggen