Adil Kahn kjem til Bømlo 19.10.16

Onsdag 19. oktober 2016 markerer Mental Helse Bømlo verdensdagen for psykisk helse for 13. gang.

Tema 2016: «…fordi livet forandrer seg…» Vi lever i ein verden der endring og omstillinger er ein del av livet. Nokon endringar er små, andre større. Nokon vert oppleved som positive, andre som negative eller nøytrale. Teknologi og sosiale mediar bidreg til at vi opplever desse endringane som fleire og kanskje raskare.

I år er det dansaren, skodespelaren og motivator Adil Kahn som kjem. Khan kom i rampelyset då han vant TV-konkurransen Dansefeber på Tv Norge i 2006, skodespelar i Tv serien Taxi, men mest av alt at han klarte å motivere ulike yrkesgrupper til å opptre i danseførestilling for arbeidskollegar, familie og venner i NRK serien «Adils hemmelige dansere».

Markering er særskild retta mot ungdom i alderen 13 – 20 år, der elevar ved ungdomstrinnet og i vidaregåande skule, samt elevar frå Bømlo folkehøgskule (over 1100 stk.) får delta på eit føredrag med Adil Kahn. Om kvelden vert det føredrag open for ALLE!

Foto: Tor Lindseth

Tilbake til bloggen